Kontrasten mellom begjæret etter ting og lengselen etter fellesskap utfordrar ved inngangen til advent.

Scenen frå handlesenteret fredag før første sundag i advent er tankevekkande: Ein vrimmel av kundar med spisse albuar og stive blikk på jakt etter det store Black Friday-kuppet – akkompagnert av I’m Dreaming of a White Christmas sine smektande tonar og nostalgiske verselinjer.

Kontrastar i Black & White

Ein kontrastfylt scene på mange nivå, ikkje minst i forhold til spenninga mellom det tydelege begjæret etter ting og den underliggande lengselen etter harmonisk fellesskap. Denne kontrasten er då heller ikkje ukjend i våre eigne liv, der vi kan føle på slike indre spenningar.

Ironisk nok ser vi også kontrasten i at den amerikanske familiehøgtida Thanksgiving så vidt er over før kjøpefesten Black Friday set i gang. Både begjæret og lengselen får altså næring, her – som i det tradisjonelle biletet mange har av vår heimlege adventstid, med miks av konsum og koselege samvær.

Men den djupare lengten etter fellesskap vert lett døyvd av forbruksjaget og kjøpepresset. Når så Black Friday innleier adventstida vår, vert fokuset på konsum ytterlegare forsterka.

Black Friday og populærkulturen

Det amerikanske shoppingfenomenet Black Friday har altså blitt godt etablert i den norske forbrukarkulturen. Etter ein solostart ved Vestby Outlet i 2009 kjenner nå seks av ti forbrukarar til dette konseptet i følgje Virke analyse. Signal frå handelsstanden tyder på at Black Friday berre er slått av den store byttedagen 27. desember. Suksessen til denne delen av norsk ritualimport er dermed eit faktum.

Sjølvsagt heng fulltreffaren saman med velstand og havesjuke. Men det at vi så lett integrerer framande skikkar i eigen kultur, har mykje med den globale medieverda å gjere. Via populærkulturen sine mange fortellingar i film, tv og reklame blir vi kjende med ulike ritual og skikkar.

Dermed er dei mest som våre eigne å rekne når dei dukkar opp på heimlege trakter. «Kulturprepping» kallar Knut Kolnar, førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI, dette fenomenet, og peikar på at det gjer oss mottakelege for god marknadsføring.

Black Friday og begjæret

«It’s all about me and shopping.» Teksten som lyste mot meg frå si naturlege plassering på handlenettet røper ein annan vesentleg grunn til at vi er så mottakelege for ritual som Black Friday. Den vestlege individualismen med vekt på sjølvrealisering, nyting og det ytre si rolle i høve til identitet og oppleving av verdi, gir eit utmerka utgangpunkt for å hive seg på kjøpekarusellen.

Når vi så ser kor intenst andre sitt begjær er i møte med ulike produkt, «må» vi berre kjøpe det same. På eit vis «begjærer vi andres begjær», seier Kolnar, og legg til at kva verdi eit produkt får i våre augo, heng nøye saman med populariteten det har hjå andre.

Vi vil merke oss ut, men samstundes vere ein del av gruppa.

 

Les også «Mitt skjulte superheltoppdrag», om hvordan å det ha en hensikt fyller våre lengsler

 

White Christmas og lengselen

Det smektande lydbiletet som omgir kjøpekaoset, kan nettopp slå an strengen til den djupare lengselen etter fellesskap. Trass den urealistiske idyllen og harmonien som den populære klassikaren til Bing Crosby teiknar opp, nører den opp under draumen om barnleg glede og trygge, nære relasjonar.

Mykje av det same møter vi i mangfaldet av tradisjonell, ikkje-religiøs julemusikk. Advents- og julehøgtida er då også fellesskapet si høgtid, noko som utfordrar i møte med einsemd og brotne relasjonar i alle samfunnslag og nasjonalitetar. Kor lett er det ikkje å bli seg sjølv nok – og dermed la egoisten i oss få forkjørsrett?

Advent, begjæret og lengselen

Kva så med adventstida sin eigentlege bodskap i forhold til egoismen, begjæret og lengselen etter fellesskap? Denne viktige tida i kyrkjeåret møter oss der vi er, med relevans for samtidskulturen og med personleg nærleik.

Bodskapen om Jesu kome i fortid, framtid og nåtid set oss fri frå egoismen og fører oss tilbake til fellesskapet vi er skapt til å leve i.

Først publisert på Tro24.no, 01.12.15

Relaterte artikler