Skjønnheten og udyret LeFou
Luke Evans stars as Gaston and Josh Gad as Le Fou in Disney's BEAUTY AND THE BEAST, a live-action adaptation of the studio's animated classic directed by Bill Condon which brings the story and characters audiences know and love to life.

Dagsaktuell Disney

-Disney bør verken omfamnast som harmlaus formidlar av tradisjonelle familieverdiar eller avskrivast  ut frå fokuset på individualisme, seier Disneyforskaren Annalee Ward. Disneyuniverset – med alle sine vakre, kreative fortellingar – byr nemleg på ein stor variasjon av verdiar som sjølvsagt bør vurderast på linje med ein kvar bodskap i mediemylderet.

Sitatet frå Ward gir eit viktig bakteppe til den aktuelle debatten om filmen Skjønnheten og udyret, som har norgespremiere 17. mars. Når animasjonsfilmen frå 1991 nå kjem i live-action-versjon, er den også gjort dagsaktuell med innslag av homoseksuell kjærleik.

Mange ser dette som eit overraskande og kontroversielt val av Disney, og oppmodar til boikott av filmen så vel som av heile konsernet. Men har me eigentleg grunn til å vere overraska? Berre om ein lever i illusjonen om at Disney eine og aleine formidlar tradisjonelle verdiar. På same måten som Disney var dagsaktuell då dei første animasjonsfilmane kom på slutten av 1930-talet, ønsker selskapet å vere i takt med samtida vår. Dermed er Disney sitt val først og fremst ein indikator på dei dramatiske endringane på sex- og samlivsfronten i dag.

 

Dermed er Disney sitt val først og fremst ein indikator på dei dramatiske endringane på sex- og samlivsfronten i dag.

 

Mange har fått med seg spekulasjonane om Disney vil introdusere ein lesbisk hovedrollefigur i den neste Frost-filmen, ikkje minst på grunn av Twitter-aksjonen med emneknaggen «GiveElsaAGirlfriend». Men det skulle altså bli i dramatiseringa av Skjønnheten og udyret – som for mange er den ultimate heteroseksuelle kjærleikshistoria – at Disney for første gong legg inn «ein truverdig scene mellom to homofile menn». Den komiske LeFou er her omtolka og viser sine varme følelsar for filmen sin antagonist; Gaston. Ei dagsaktuell endring av den opprinnelege Disney-fortellinga, altså, og ein tydeleg illustrasjon på at populærkulturen speglar det samfunnet som den er med på å forme.

I mylderet av fortellingar i populærkulturen er då også Disney den dominerande leverandøren til barn og unge, verda over. Diskusjonen rundt den premiereklare filmen er derfor også ei nyttig påminning om å spørje kva typiske verdiar, haldningar og tankesett som elles vert formidla i Disney-fortellingane. Ja, kva innspel gir Disney til den personlege livssynsdanninga? I ei samtid som vår, spelar nemleg media ei svært sentral rolle her, og har for mange minst like stor påverknad som familie, skule og trussamfunn.

Eit djupdykk i ei rekke Disney-filmar frå 1989 og framover, viser ei spenning mellom tradisjonelle verdiar som kan bekreftast frå eit bibelsk perspektiv og verdiar som speglar  postmoderne relativisme. Side om side finn vi ei vektlegging av klassiske familieverdiar, ansvar og objektiv sanning og ei vektlegging av at det å vere fri, er å følge sitt eige hjarte og finne si eiga sanning.

Like sprikande er formidlinga av kva som gjer mennesket verdifullt. På den eine sida har alle same verdi og det er det indre som tel, men på den andre sida heng verdien saman med å vere lukkeleg og å ha den rette utsjånaden.

Vidare ligg løysinga på problema delvis i å gjere så godt ein kan og halde fast i håpet om utfriing på magisk vis, og delvis i å tru på seg sjølv og finne krafta inni seg – anten den er personleg eller åndeleg.

Som ein klar understraum i Disney heilt frå dei eldste klassikarane som Pinocchio, ligg nettopp denne individualismen. Trass den tydelege omsorga for andre, ligg fokus på eigne draumar og eiga lukke.  Tradisjonelt er det i optimismen og håpet at tilliten er forankra – ikkje i noko religiøst. Heilt frå debuten med Snehvit var nemleg Walt Disney oppteken av å ikkje støyte nokon i det globale publikumet.

Det er imidlertid interessant å merke seg dei religiøse overtonane i svært mange av filmane dei siste tretti åra, prega av austleg tankegods og oftast kopla nettopp til individualismen. Utvilsamt dagsaktuelle fortellingar – for ei postmoderne samtid. Skjønnheten og udyret føyer seg inn i rekka, men markerer også eit historisk skilje. I staden for å vere overraska: la oss gripe mulegheitene for gode samtalar ut frå verdimangfaldet i Disney!

 

Artikkelen er først publisert som Kulturnotat i avisen Dagen.