Hollywood har diskutert den nye Jesus-filmen til Mel Gibson i fleire månader. Kva skjer når filmen kjem til Noreg?

For å svara på spørsmålet først som sist: Eg kjem til å bli overraska om det blir mykje diskusjon. I Noreg er det ikkje vanleg å diskutera innhaldet i «religiøse filmar». Det er noko fjernt, framandt og perifert over filmar som handlar om Gud, Jesus eller Den Heilage Ande. Norsk film er ikkje interessert i slikt! Gje oss eit pubertetsdrama, ikkje eit pasjonsspel.

Men lat oss likevel ta ein titt på Mel Gibson og den føreståande Jesus-filmen.

Personleg prosjekt

Mel Gibson (48) har stått på A-lista i Hollywood i mange år. Han har hatt hovudrolla i Braveheart (1995), Patrioten (2000) og nesten 40 andre filmar.

Ideen om å laga film om Jesus fekk han for ti år sidan. Han ville laga ein film om «den største mannen som har levd». Alt i denne utsegna var det klart at katolikken Mel Gibson hadde eit personleg forhold til det føreståande prosjektet.

Filminga tok til i november 2002 på Gibsons eige selskap, Icon Entertainment. The Passion of the Christ, som er den offisielle engelske tittelen på filmen, vil truleg bli den mest utbreidde såkalla uavhengige filmen som noko sinne er laga. Prislappen er på 27 millionar dollar.

Bibeltru

Kva vil Gibson med filmen?

Han kan svara sjølv: «Eg vil visa både den menneskelege og den guddommelege sida ved Kristus. For meg er det viktig at filmen er realistisk og så nær den sanne historia som mogleg.»

I seg sjølv er dette oppsiktsvekkjande. Det har vore laga ein del kommersielle Jesus-filmar dei siste 30 åra, men dei fleste av desse prøver å ikle Jesus ei politisk eller moralsk drakt. Det er som regel ein menneskeleg Jesus som kjem til uttrykk. I denne tradisjonen framstår Mel Gibson som ein radikalar. Han seier rett ut at han vil laga ein film som er bibeltru:

– Dei andre Jesus-filmane er anten unøyaktige eller prega av dårleg musikk eller feil frisyre. Denne filmen skal visa Jesu liding akkurat slik den var.

Filmen avgrensar seg til dei siste 12 timane av Jesu jordiske liv – frå Getsemane til Golgata. For å gjera historia mest mogleg sannferdig, har regissøren valt å halda seg til autentiske språk, det vil seia latin, hebraisk og aramaisk.

Blodig Jesus

I kunsthistorisk samanheng er det eit interessant språk Gibson tek i bruk. Han talar rett fram – tydeleg og realistisk, utan tilslørande symbolbruk. Han brukar eit stort spekter av filmatiske verkemiddel for å visa kor brutale dei siste timane av Jesu liv må ha vore. Piskescenen er på fem lange minutt. Krossfestinga 25 minutt. Kameraet går ubehageleg nært innpå og viser smertefulle detaljar.

Innspelinga var ein prøve i seg sjølv. Hovudrolleinnehavaren James Caviezel fekk skuldra av ledd då den 50 kilo tunge krossen ramla over han. Folk som har sett filmen seier at nokre av smertescenane ser dataanimerte ut, men dei er ekte.

Kontrasten til ein del av den tradisjonelle krusifikskunsten kunne ikkje vore større! Vakre måleri av ein småmelankolsk Jesus som heng på krossen med hovudet på snei er ikkje særleg truverdige. Pasjonsfilmen til Mel Gibson har ein heilt annan realisme over seg, skal ein tru dei som har sett filmen.

Billy Graham vart rørt til tårer då han fekk sjå filmen i desember 2003.

– Eg tvilar på om det nokon gong er laga ei meir uttrykksfull og gripande framstilling av Jesu død enn dette, sa den 85-årige verdspredikanten på veg ut av kinosalen ifølgje www.hollywoodjesus.com.

Reaksjonar

Men det har også kome reaksjonar på filmen, særleg frå jødisk hald. Jødane får skulda for Jesu død, hevdar dei. Ein rabbi ved namn Abraham Foxman sneik seg inn på ei prøveframsyning i Florida og fastslo at filmen kunne fremja antisemittisme. Han frykta for konsekvensane dersom filmen hamna på kinoar over heile verda.

– Sannsynlegvis kjem fleire menneske til å sjå denne filmen dei to første månadene etter at den kjem ut enn det er menneske som har sett pasjonsspel på teater i 2000 år, sa Foxman til New York Times.

Mel Gibson orsaka reaksjonane. Han meinte ikkje å hengja ut jødane. Etter kritikken har han redigert inn nokre scenar der jødar opponerer mot krossfestinga.

At The Passion of the Christ vil påverka mange, er det ingen tvil om. Filmen kjem til å røra ved synet vårt på Jesu liding og ei rekkje mindre detaljar. Når mange førestiller seg Jesus som ein vest-europeisk, kvit, høgreist mann med langt hår, er det truleg fordi dei har sett han slik på film, fjernsyn eller teikningar. Bilete har stor påverknadskraft.

Sannferdig?

Ein realistisk og sannferdig Jesus-film, går det an?

Til det må me svara tja. Regissøren må sjølvsagt gjera val som ikkje framgår av det bibelske materialet. Utsjånad og frisyre er ein ting, men kva med terrenget og småpraten? Og kanskje viktigare: lynnet til dei ulike personane; haldningane deira. Her er mykje som ikkje er nedskrive i det 2000 år gamle «manuset» som føreligg.

Mel Gibson har då også putta inn nokre element som ikkje finst i Bibelen. Ei gammal legende om kona til Pontius Pilatus skal vera med, mellom anna.

Somme vil kanskje hevda at det er forkasteleg å filmatisera Bibelen fordi ein må gjera tolkingar og til ein viss grad redigera teksten. Men «filmatiseringa» av Bibelen oppstår sjølvsagt i hovudet til kvar enkelt som les i Skrifta og førestiller seg korleis dei ulike personane var eller korleis omgjevnadene såg ut.

Andre Jesus-filmar

Filmen som gjev seg ut for å vera mest bibeltru gjennom tidene er truleg Jesus-filmen frå 1979 (den går rett og slett under namnet «Jesus-filmen»). Den er basert på Lukasevangeliet, og alle replikkane er henta direkte derfrå.

Siktemålet med Jesus-filmen er reint evangeliserande. Den har hatt ei formidabel utbreiing. Ifølgje selskapet som står bak, er filmen sett av meir enn fem milliardar menneske (nokre har sett den fleire gonger). Den er oversett til 717 språk, som naturleg nok er verdsrekord. På nettsidene www.jesusfilm.org kan me lesa at så mange som 195.198.512 menneske har vendt om etter å ha sett filmen per 1. januar 2004. Det er grunn til å vera kritisk til talet, men at den har ført til store resultat i misjonsarbeidet, er det liten tvil om. Filmen opnar evangeliet for langt fleire enn dei som les Bibelen.

Meir kjend i filmmiljø er nok Matteusevangeliet frå 1964. Også denne gjev seg ut for å vera sannferdig i forhold til evangeliet. Interessant nok var det ein ateist og kommunist som regisserte filmen – italienaren Pier Pasolini. Han brukte handhalde kamera og ukjende skodespelarar for å gjera filmen truverdig.

Jesus i Matteusevangeliet synest å likna ein utstøytt italiensk bonde. Eit meisterverk har filmen vorte kalla. Så imponert var Mel Gibson over filmen at han valde akkurat den same settinga då han skulle spela inn sin eigen film – Basilicata i Sør-Italia.

Politiske filmar

På 70- og 80-talet kom Jesus-filmar som hadde meir politisk valør i seg. Mange filmskaparar dreia på evangelieteksten og dikta til dels fritt for å få den Jesus dei ville ha. Som teolog og filmkjennar Kjartan Leer-Salvesen påpeikar i eit intervju med Vårt Land: Alle filmar som plukkar tekstar frå dei ulike evangelia endar eigentleg opp med å laga eit nytt evangelium. Resultatet seier ofte meir om filmskaparen enn om evangeliet.

Den kontroversielle musikalen Jesus Christ Superstar av Andrew Lloyd Webber og Tim Rice frå 1973 hevdar at Jesus og Maria Magdalena hadde eit erotisk forhold. På slutten av filmversjonen er det ingen Jesus som står opp att, men eit filmteam som pakkar saman sakene sine. Dessutan har Judas fått ei langt meir sympatisk rolle enn i Bibelen, noko som fekk artist Heine Totland til å uttala at det var på tide at Kyrkja tilgav Judas då musikalen vart sett opp i Noreg i 2001. Kanskje eit døme på korleis fiksjonen, når den vert gjenteken mange nok gonger og er tidsmessig korrekt, kan slå tilbake mot røyndomen og bli akseptert som sanning?

«Jesu siste freisting»

Jesus Christ Superstar vart naturleg nok møtt med protestar frå kristenfolket. Det same skjedde med Jesu siste freisting (1988), som tilsynelatande inneheldt mange autentiske episodar frå evangelia, men som i tillegg prøvde å krypa inn i psyken til Jesus.

I filmen slit hovudpersonen med eige sjølvbilete og er på grensa til å bli nevrotisk. Han er plaga med freistingar. Til liks med mange andre Jesus-filmar er det ein menneskeleg Jesus som trer fram. Ikkje ein Kristus som frelser, men ein Jesus som vanlege folk kan identifisera seg med.

Eit lite døme frå den same filmen illustrerer korleis Jesus-filmar ofte er påverka av samtida: I episoden der kvinna som vert teken i ekteskapsbrot skal steinast (Joh 8), seier Jesus til henne: «Gå bort og synda ikkje meir!» I «Jesu siste freisting» er denne siste setninga utelaten. Ein fordømande Jesus passar ikkje inn. Me ser at Jesus-filmar ofte er eit uttrykk for haldningane til samtida eller regissøren.

Snart kjem dessutan den første norske Jesus-filmen. David Åleskjær har filma sin eigen roman Asfaltevangeliet. Denne er ei tenkt historie om korleis det hadde arta seg ut om Jesus kom til Oslo i vår tid i staden for til Betlehem for 2000 år sidan. Filmen skal gå på kino til hausten, men har førpremiere i Oslo 17. april.

Meir enn smerte

The Passion of the Christ bryt altså med mange moderne Jesus-filmar. Den går tilbake til den opphavlege evangelieteksten. Mel Gibson tykkjer det 2000 år gamle manuset er sterkt nok. Likevel har han måtta gjera si tolking, og han har lagt til noko materiale som ikkje er nedskrive i Bibelen.

Filmen vert annonsert med slagordet: «De er mine vener, og den største kjærleiken ein person kan visa overfor venene sine, er å ofra livet sitt for dei.» Slagordet kan anten vera reint humanistisk eller visa til frelsesverket. Det skal bli spennande å sjå i kor stor grad filmen får fram at Jesu død på krossen var noko meir enn ein smertefull seanse.


Av Terje S. Skjerdal, 2004
Terje S. Skjerdal er førsteamanuensis ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen 

(Visited 36 times, 1 visits today)

Relaterte artikler