ARTIKKEL: Det må vere lov å skilje seg ut, syng «UR», og vi syng gjerne med. Men om vi lyttar meir nøye, høyrer vi også utfordringa.

 

«Se for deg en verden der alle er like, Alle går i samme klær, og ingen er unike, Samme jobb, samme stil, samme hud, samme tro, Hadde det vært no? Å neeei..»

 

Med dette sitatet frå gruppa Una og Ronja (UR) sitt bidrag i mgp-jr-finalen, fekk eg i går rette fokus mot livsverda til barn og unge på siste fellessamlinga på Trusopplæringskonferansen.

«Truverdig kyrkje» var tema, etter at «truverdig bodskap» og «truverdig medarbeidar» hadde vorte belyst i løpet av dagen. Og skal vi vere ei truverdig kyrkje for dei unge, må vi ta kulturen deira på alvor. Nettopp dette opptek oss i Damaris, som har dobbel lytting – til Bibel og samtid – som utgangspunkt.

Kva så med UR sitt bidrag? Fengande melodi, flotte jenter, og mykje å bekrefte når vi er opptekne av respekten for den andre. Det må vere lov å skilje seg ut, syng UR, og vi syng gjerne med. Men om vi lyttar meir nøye, høyrer vi også utfordringa. «Samme jobb, stil, hud, tro…»

I vårt livssynsåpne samfunn; korleis vise respekt for den andre – og samtidig formidle kristen tru som sann, på ein truverdig måte?

Det er jo ikkje slik, at jobb, stil, hud og tru kan stå på ei linje. For det er ikkje slik, at all tru er like gyldig. Då blir det jo likegyldig kva ein trur, berre det kjennest rett og godt for meg. Men nettopp denne haldninga er typisk i vår tid. Og det bør ikkje overraske at ein aktuell låt speglar relativismen og individualismen – at alt er like gyldig, og at eg då kan velje det som fungerer for meg, også når det gjeld tru.

Og alternativa er mange! Uavhengig av nabolag, gir RLE-faget eit møte med mangfaldet av religiøse og sekulære livssyn. Så viktig for å fremje kunnskap, forståing og respekt for den andre! Så viktig for eiga livstolking!

Men så utfordrande! For i møte med dette koldtbordet: Kvifor er trua på Gud meir sann enn trua på Krishna, Allah – eller på min eigen fornuft? Kvifor lese Bibelforteljingane annleis enn norrøn mytologi? Og angår eigentleg Jesus min kvardag?

Så, korleis formidle kristen tru som sann og relevant inn i livsverda til RLE-generasjonen?

Gud gir – vi deler. Ikkje i eit vakuum, men i eit mangfald både frå skule og populærkultur: Musikk, tv, film, internett etc. «.. er en mer betydningsfull arena når det gjelder kontakt med religiøse oppfatninger og verdier enn foreldre og kirke» seier religionssosiolog Mia Lövheim.

Her er religion smurt tynt utover. Engletru, vampyrar, magi og trolldom – ikkje plassert i fantasiverda, men i vår verd. Det guddommelege i deg, Gud som ei kraft, Jesus som ein av mange Kristus-ar. Ikkje dogme og læresetningar, men fokus på følelsar og opplevingar. Plukk litt her og der, slik det kjennest rett for deg.

Forteljingane i populærkulturen gir så mange svar på dei unge sine djupe spørsmål om identitet, verdi, meining. På deira lengt etter å høyre til, bli sett, oppleve «noko meir».

Dei fleste svara har religiøs innpakning, men sekulære impulsar som nyateisme, naturalisme og sekulærhumanisme er mange. Kjenner vi til svara – og spørsmåla? Og gir vi rom for at dei unge spør oss, eller blir det utrygt?

Skal vi vere ei truverdig kyrkje, må vi våge spørsmåla og vere prega av dobbel lytting – til Bibelen og samtida. Slik kan vi bygge bru til barn og unge si livsverd. Med Bibelen i den eine handa, spør vi kva som kan bekreftast og kva som må utfordrast i mylderet av forteljingar som Harry Potter, Twilight, Åndenes makt og The Big Bang Theory – og i dei store religionane.

Skal vi vere ei truverdig og tydeleg kyrkje, må vi møte dei unge der dei er – med det beste vi har å gi: den unike bodskapen om Guds kjærleik i Jesus Kristus!

 

Artikkelen stod på trykk som Kulturnotat i avisen Dagen 23.10.2014

Relaterte artikler