Tekst: Margunn Serigstad Dahle
Bilete: Nationaltheatret
Kva håp kan bere når draumen brest? Kva er sanning når svik og smerte vil kløyve sjela? Spørsmåla har dirra i ny drakt i den prislønte oppsetjinga av Haugtussa på Nasjonalteateret denne hausten.
Regissør Eline Arbo sin nyskapande teaterversjon av Arne Garborg sitt litterære storverk frå 1895
vart omfamna av både kritikarar og publikum ved premieren i 2024. Den er kåra til ei av dei
fremste norske framsyningane dei siste 25 åra og fekk Hedda-prisen både for beste regi og beste
audiovisuelle design i fjor. Denne hausten gjorde framsyninga eit kjærkome comeback på
Nasjonalteateret, med siste oppsetjing nå til helga.
Fortid møter nåtid
Haugtussa i Arbo sin versjon er ei spanande kopling av gamalt og nytt, både i lydbiletet og
visuelt. Komponisten Thijs van Vuure kombinerer ny elektronisk musikk med Edvard Grieg si
opprinnelege tonesetjing, medan dei bunad-inspirerte kostymene er som ein framtidsretta spegel
av det urnorske.
Parallelt med dette møtet mellom fortid og nåtid, er kontrasten mellom den store, nedstrippa og
mørke teaterscena og dei kvite bunadane med blenkande søljer svært effektfulle. Når kvite
skikkelsar stig ut av mørkret i det framsyninga byrjar, er det mest som eit draumesyn. Kontrasten
mellom svart og kvitt skaper eit landskap der grensa mellom den synlege og usynlege verda blir
flytande.
Når så Veslemøy (Kjersti Tveterås) med innleving og sterkt nærvær deklamerer Haugtussa-
prologen Til deg, du hei og bleike myr, vert den over 130 år gamle diktsamlinga vekt til liv for eit
moderne publikum. Gjennom utsøkt samverknad mellom scenografi, musikk, kostymer og
glitrande skodespel vert ein dregen inn i Haugtussa-universet.
Veslemøy si verd
Generasjonar av elevar har møtt Haugtussa i skulen, gjennom nokre av dei 71 dikta i denne mest
lesne og avhaldne diktsamlinga frå 1800-talet. For oss jærbuar tett på «Haugtussa-landet», var
det naturleg å lære fleire dikt utanåt på barneskulen.
Her møtte me først den leikne, fantasifulle gjetarjenta Veslemøy, og såg fuglar, dyr og natur med
hennar blikk. Veslemøy oppdagar så at ho er synsk, og ser både troll, hulder og nøkk – og
menneska sitt indre. Kallenavnet «Haugtussa» gjer sin entré, saman med utestenging og lengt
etter fellesskap. Samstundes forstår ho ikkje at jenter kan hige etter giftarmål. Så møter ho Jon,
opplever kjærleik og svik.
I denne djupe smerta er Veslemøy nær ved å gi seg over til haugfolket, som lover å sløkke sorga
for alltid. Men ho vil ikkje rømme frå hjartesorga, vender om og høyrer si døde storesøster seie:
«Fra alle troll du laus deg vann. Og i di sorg deg sjølv du fann». Den siste av dei ti bolkane i
Haugtussa heiter då også «Fri».
Garborg si verd – og vår
Haugtussa kan ikkje sjåast isolert frå Garborg sitt liv og forfattarskapen elles. Jan Inge Sørbø
peikar på at særleg er kampen om tru og tvil, strevet etter livsmeistring og spørsmålet om religion
like mykje til stades i Haugtussa som i tidlegare verk. Garborg hadde vendt religionen ryggen,
men sorga over dette tapet fylgde han. Ved å gå inn i den mytiske verda som Veslemøy levde i,
kunne han legge bort sorga for ei tid.
Sørbø er ikkje i tvil om at det er Garborg sjølv som talar i prologen Til deg du hei… og i Ved
soleglad, som er dei to einaste «eg»-dikta. I prologen kjem hans eiga vedkjenning, og her – i
ramma av det mytiske – kjem også løftet om lerkesong og vår, som gir håp. Samstundes gir diktet
disposisjon til heile diktsamlinga og vegen som Veslemøy må gå; ned i mørket og opp i lyset.
Teaterversjonen ender då også som originalen: «Du hev stridt. Du hev vunne. / No er du fri.»
Veslemøy er tru mot sanninga og kjærleiken

Foto: Caroline Seide
Veslemøy sigrar fordi ho er tru mot sine djupaste verdiar; kjærleiken og sanninga. Ho hadde
kjempa for begge. Ho let seg ikkje lokke til å døyve hjartesorga, og heller ikkje til å gå på
kompromiss med sanninga: «Å heller vil eg med augo sjå, enn dau og blind gjennom verda gå,
og ikkje det sanne skilja».
Det er som me høyrer ekko av Garborg sin religiøse humanisme. Understraumen i Haugtussa er
nettopp forfattaren si eiga vedkjenning til «Trua på livet», slik han skreiv i Samtiden i 1894. Og
likevel anar me ein lengt etter Han som gav livet, når Garborg lar Haugtussa be «Ja, hjelp meg
du som hjelpe kan» når ho kjempar som verst.
Artikkelen ble publisert på dagen.no 29.10.2026 og i papiravisen Dagen 31.10.2026.
Republisert med tillatelse.


