#personlig

Spor av tru i ei tenåringssåpe? Om ungdomsmedia og religionspedagogen

Denne saken er en fagartikkel med noe tyngre innhold.



Media spelar ei svært sentral rolle for barn og unge, og gir dermed viktige impulsar til livssynsdanninga. Dei såkalla såpeseriane står i si særstilling. Kva spor av tru kan så avlesast i eit slikt fiksjonsunivers, og kva utfordringar gir det religionspedagogen? Med den populære tenåringssåpa Dawson’s Creek som case, er fokus retta mot nettopp dette i det fylgjande.


Tru som livssynselement

Alle har vi eit livssyn. Det kan vere reflektert eller ureflektert, meir og mindre fragmentert eller heilskapleg, motseiande eller samstemt. Livssynet kan vidare vere religiøst eller sekulært. Uansett; livssynet er der, knytt til vår biologiske eigenart.

Kva ligg så i dette omgrepet livssyn? Det kan seiast å vere sett saman av oppfatningar omkring dei såkalla livsspørsmåla, i særleg grad spørsmål som har med verdioppfatning, menneskesyn og røyndomsoppfatning å gjere. (1) Desse tre innhaldsmomenta vert dermed vurderte som konstituerande for livssynet, anten det vert sett på som ein subjektiv eller ein objektiv storleik.

For å fange inn heilskapen i eit livssyn, synest det imidlertid naudsynt å utvide med eit fjerde element; tru.(2) Dette elementet er då det grunnleggjande aksiomet i livssynet, og det kan omtalast som trusposisjonen. Tru har her med tillit og søking etter meining å gjere. Tru, tillit og meining står då óg sentralt i det nærliggjande omgrepet livstolking. Som livssynet si aksiomatiske, ofte skjulte side, indikerer truselementet noko om kor ein forankrar tillita og søkinga etter meining. Objektet for tillita kan så vere religiøst, i eigentleg, substansiell forstand, eller det kan vere tale om funksjonell religiøsitet, ved at objektet for forankringa av tillita og søkinga etter meining er sekulært, men har ein religiøs funksjon.

På same måten som alle har eit livssyn, kan ein altså på denne bakgrunnen seie at alle har ei tru. Når så fokus i denne samanhengen nettopp er retta mot spørsmålet om tru i ungdomsmedia og kva religionspedagogiske utfordringar dette gir for arbeidet i skule og kyrkje, er det av stor interesse å spørje seg kva livssynstradisjonar og -trendar som synest å liggje under som forankring for denne tillita og søkinga etter meining.

Ungdomsmedia som livssynsunivers

Ungdomsalderen er i særleg grad tida for livssynsdanning. Den einskilde sitt livssyn vert imidlertid ikkje danna i eit vakuum, men er nært knytt til omgjevnadene. I einkvar kulturkontekst ligg det føre grunnleggjande, objektive rammevilkår for den subjektive livssynsdanninga, og desse kan omtalast som sosiale og mentale rammevilkår. Media utgjer ein viktig del av desse rammevilkåra i eit seinmoderne samfunn som vårt. Sjølv om dei visuelle media kan seiast å dominere generelt, må fjernsyn, musikkvideo, data og kino likevel seiast å spele ei særs viktig rolle i den stendig meir globale ungdomskulturen. Desse ungdomsmedia er dermed óg med på å gi impulsar til dei unge si livssynsdanning. Medieprodukta er jo ikkje nøytrale, men formidlar verdiar, menneskesyn, røyndomsoppfatning og tru på ulike måtar. Sidan desse bodskapane ofte er meir og mindre skjulte, kan dei imidlertid vere vanskelege å identifisere. Det at media gir impulsar til livssynsdanninga, er óg lett å oversjå.

For religionspedagogar synest det dermed påkravd både å verte meir medvitne om at medieprodukta inneheld livssynselement og å kunne identifisere dei. Ein innfallsvinkel til dette ligg i å gripe fatt i den observérbare livspraksisen som er til stades i medieproduktet. Spor av ulike livssynselement let seg nemleg avlese ut frå åtferda og utsegnene som kjem til uttrykk. Dette er utgangspunktet for det verktøyet eg har utvikla for å kunne finne spor av livssyn. Kartleggjing av typiske trekk ved den observérbare livspraksisen i det aktuelle medieproduktet, gjer det mogleg å identifisere eitt eller fleire aktuelle livssynselement og dermed klarleggje moglege saklege linjer til aktuelle livsynstradisjonar og -trendar. For lettare å kunne gripe fatt i ein mangslungen livspraksis, er fylgjande systematisering nyttig: Forholdet til seg sjølv og sine, med underpunkta forholdet til det ytre, forholdet til familie og venner, forholdet til kjærleik og sex, og forholdet til rusmiddel. Forholdet til autoritetar og samfunn, med underpunkta forholdet til autoritetar og forholdet til samfunnet generelt. Forholdet til ‘det bortanfor’, med underpunkta forholdet til framtida og forholdet til ‘det religiøse’.(3)

Når fokus primært er retta mot det aksiomatiske livssynselementet tru, slik tilfellet er her, vil sjølvsagt dei spora ein finn under forholdet til det religiøse vere av særs stor interesse. Det er imidlertid viktig å vere klar over at tru forstått som forankring av tillit og søking etter meining, kjem til uttrykk på ulikt vis innan alle områda av den observébare livspraksisen.

Det å prøve å avlese ungdomsmedia som livssynsunivers og slik verte medviten om nokre av dei impulsane som der vert gitt til ungdommane si livssynsdanning, er altså vesentleg for religionspedagogen sitt møte med ungdommane, anten det skjer på skulen eller kyrkja sin arena. Ein viss kjennskap til dette livssynsuniverset gir imidlertid óg hjelp til å danne seg eit bilete av korleis det generelle tilhøvet til m.a. tru er i ungdomskulturen. Medieforskinga legg nemleg vekt på at media både formar og speglar samfunnet.

Tenåringssåpa Dawson’s Creek som case

Ungdomsseriane på fjernsyn kan seiast å stå i ei særstilling når det gjeld ungdomsmedia. Populariteten til desse såkalla såpene er mellom anna grunna i ei viss grad av identifikasjon og gjenkjenning. Hovudpersonane er ungdommar, og handlinga er knytt til deira livsverd. Det at serieformatet nyttar seg av fleire parallelle historier med stendig nye konfliktar og kulminasjonar for å halde den store forteljinga gåande over tid, gjer sjølvsagt óg sitt til at mange vert trufaste sjåarar. Mediekretsløpet rundt sjølve fjernsynsprogrammet, med m.a. utstrakt bruk av internett, gjer óg sitt til å halde på publikum.

Ut frå popularitet og filmatisk og innhaldsmessig kvalitet, valde eg den amerikanske tenåringssåpa Dawson’s Creek (4) som eksempel på eit aktuelt fiksjonsunivers då eg skulle prøve ut analyseverktøyet eg hadde utvikla for å finne spor av livssyn. Denne serien kom på norske fjernsynsskjermar (TV3) i april 1999, og vart rangert som nummer ein av ungdomsseriane i år 2000. Serien er framleis aktuell, – pr. april 2003 står den femte sesongen på sendeskjemaet. Eit omfattande materiale, henta frå dei fyrste tre sesongane, ligg til grunn for analysen min. Hovudpersonane gjekk då framleis på High School i ein idyllisk småby i USA. Forholdet til vennegjeng, skule og familie står sentralt i handlinga.

Embed from Getty Images


Livssynselementet tru i Dawson’s Creek

Kva så med livssynselementet tru i ungdomsserien Dawson’s Creek? Kor ser det ut til at desse ungdommane har forankra tillita sin, – kor søker dei etter meining? Kva livssynstradisjonar og -trendar kan synast å liggje under?

Eit tilnærma sekularisert univers

Det som umiddelbart går fram av analysen, er kor lite det er av substansiell religiøsitet i tenåringssåpa Dawson’s Creek. Fiksjonsuniverset er tilnærma sekularisert. Kun i møte med døden kjem den åndelege dimensjonen fram, då i form av spørsmål om Gud og ei eventuell djupare meining. Sekulariseringa syner seg imidlertid ikkje berre i dette talande fråvêret av religiøs praksis og religiøsitet som samtaleemne, men óg til dømes i måten religiøst språk vert nytta på. Omgrep som «believe» og «firm believer» er lausrivne frå opprinneleg religiøs kontekst, og nytta om personleg val og overtyding i sekulær meining. Når det vert referert til Messias, er tydinga isolert til ein outsider, ein provokatør. Sameleis er óg den religiøse festen Thanksgiving tømt for sitt eigentlege innhald.

Men som det er streka under ovanfor; Alle har eit livssyn, med eit element av tru i botnen. Dermed har alle ei tru, anten ho er forankra religiøst eller sekulært. Kva konkrete spor av sekulære og religiøse trusposisjonar kan så finnast innan ramma av dette tilnærma sekulariserte universet?

Seg sjølv og sine i sentrum

Ut frå ungdommane sin livspraksis, tyder mykje på at den einskilde si tillit fyrst og fremst er retta mot vennegjengen, anten det er absolutt eller betinga tillit. Det nære vennefellesskapet synest trygt og ope, og er staden både for livsutfalding og samtale om eksistensielle spørsmål. Det er i dette varme og omsorgsfulle fellesskapet dei synest å leite etter meininga med livet. Tillita til – og respekten for – foreldregenerasjonen synest nemleg å vere heller liten. På ulike vis har foreldra kome til kort som autoritetspersonar, og det ligg føre klare døme på at ungdommane sjølv går inn i omsorgsrolla i møte med sine eigne foreldre. Når andre autoritetspersonar, som lærarane, heller ikkje opptrer som truverdige autoritetspersonar, og den religiøse dimensjonen er fråverande, er dei unge heilt overletne til seg sjølv. Dei har ingen annan stad å forankre tillita og søkinga etter meining enn i vennefellesskapet og seg sjølv. I krisesituasjonar kjem dette ekstra tydeleg fram. Eit sterkt eksempel her er knytt til reaksjonane etter ei drukningsulukke i den større ungdomsgjengen. Det er ikkje før hovudpersonane kan samlast i det varme fellesskapet sitt, prega av tillit og openheit, at sorga verkeleg kan bearbeidast og dei kan stille spørsmålet om det eventuelt kan finnast ei djupare meining. Religiøsiteten synest då heilt irrelevant, – det er det sekulærhumanistiske perspektivet som ligg under. Ei av jentene, Jen, har fyrst prøvd rus som tilfluktstad for den djupe kjensla av smerte, håpløyse og einsemd, og gir uttrykk for ei tilnærma nihilistisk livskjensle.

Mykje av livsidealet hjå ungdommane er så knytt til det å ha ein kjærast. Opplevinga av eigen identitet synest å vere tett bunden saman med det å vere i eit parforhold, og sex trer fram som vesentleg for eit meiningsfullt liv. Eit anna spor som óg peikar i retning av kor viktig kroppen er i høve til spørsmålet om tillit og meining, er vektleggjinga av å ha eit rett image, – eit vakkert ytre. Sjølv om det ligg føre utsegner frå hovudpersonane, m.a. frå Dawson og Jen, som tyder på at det er dei indre kvalitetane som tel, vert den motsette bodskapen formidla òg indirekte, ved koplinga mellom hovudpersonane sitt tiltrekkjande ytre og det at problem med utsjånaden synest å vere eit ikkje-tema i fiksjonsuniverset.

Vidare er det interessant å merke seg at det synest å liggje eit felles etisk normsystem til grunn for livsførselen deira på det seksuelle området: «Har du lyst, har du lov». Når fråveret av nokon autoritet utanfor seg sjølv koplast saman med oppfatninga av at behov må tilfredsstillast snarast råd, vert eins eiga oppleving av kva som er rett, det avgjerande. Den sterke individualismen vert her knytt saman med tydelege trekk frå eit naturalistisk perspektiv.

Alle desse aspekta peikar mot at søkinga etter meining skjer med eigen kropp som utgangspunkt og arena, og i tilhøvet ein har til vennene. Sameleis synest då tillita å verte forankra i ein sjølv og i eigne val. Dette siste, som kan vere trekk av sekulærhumanisme eller eksistensialisme, er ikkje minst tydeleg hjå Dawson. I forholdet han har til filmmediet, trer spenninga mellom innhald/røyndom på den eine sida og image/fiksjon på den andre sida, klart fram. Han gir inntrykk av å tru at livet kan regisserast; at ein kan velje å skape lukke og meining, slik at drømmeverda vert reell. Den sida av individualismen som går på den einskilde sitt ansvar for å finne meining og tryggleik, trer dermed tydeleg fram.

Gud , – lunefull Herre eller omsorgsfull fantasifigur?

I dette tilnærma sekulariserte fiksjonsuniverset – der forankringa av tillita og søkinga etter meining ikkje synest å strekkje seg utanfor seg sjølv og dei aller næraste, og spørsmål om det åndelege er mest fråverande – er det likevel nokre få spor av substansiell religiøsitet.

Som nemnt, kjem spørsmålet om Gud opp i møte med døden. Ein av hovudpersonane, Joey, har mista mora si i kreft for tre år sidan, og har endå ikkje vore ved grava. I hennar omtale av dødsfallet, gir ho inntrykk av å tru at det finst ein Gud. Ho røper at ho helst vil tenkje på mora sin død som «a cosmic error» som Gud nok vil rette opp att og deretter «bring Mum back to me». Joey seier ho veit at desse tankane høyrest latterlege ut, og plasserer dei hjå den vesle jenta ho har inni seg. Under utsegna hennar kan det likevel anast ei grunnleggjande forståing av Gud som lunefull herre over kosmos – og dermed óg som herre over liv og død. Samstundes indikerer det ho seier at ho tenkjer på Gud som omsorgsfull. Sekvensen endar imidlertid med eit fokus på bestekameraten Dawson, som er samd med Joey i at dette berre er barnet sitt falske håp, som ho må gje slepp på. Spørsmålet vi då sit att med, er om det ligg ei privatreligiøs tru på Gud under det heile, eller om gudstru óg vert sett på som eit eventyr, på same måten som håpet om at mora skal kome attende er grunna i rein fantasi.

Når Joey og Dawson seinare i den same episoden er ved grava, kjem det fram at ho lurer på kor mora er nå når ho er død. Dette kan peike i retning av at Joey anar at det er noko etter døden, men at ho ikkje veit kva. Uansett ynskjer Joey at mora må vere lukkeleg der ho er, noko Dawson er viss på er tilfelle. Han syner indirekte til himmelen i ei eller anna tyding når han seier «She’s looking down at you.» Guds omsorg synest å liggje under her. Samstundes skaper scenen eit inntrykk av at Dawson fyrst og fremst seier dette som kjærleg trøyst, og at det eigentleg berre er eventyr. Det kjem imidlertid tydeleg fram at det er viktig å tru at mora har det godt, for sjølv å kunne gå vidare.

Som det går fram av dette, kan tillita og søkinga etter å finne ei meining i møte med døden, synast å kunne forankrast i noko utanfor seg sjølv og vennefellesskapet, nemleg i ei slags gudsforståing. Det vert i det minste opna opp for at det kan finnast både ein gud og ein himmel, sjølv om det er mest nærliggjande å tolke desse aspekta óg innan ramma av eventyr og myte. Det er imidlertid naudsynt å velje å tru på dette for eigen del, slik at ein kan kome vidare sjølv. Eksistensialismen er igjen tydeleg.

Gud, – sadistisk eller mytisk skapnad?

Når religiøsiteten vert aktualisert i møte med døden, trenges eit anna gudsbilete fram blant ungdommane. Gjennom Jen møter vi klart uttrykt ateisme. Slik ho ser det, finst det korkje Gud, himmel, fred eller håp, og kristendommen er eine og aleine eventyr frå sundagsskulen. I ein tale under gravferda til ei venninne, tek ho utgangspunkt i fylgjande: «In Sunday School they teach us that God made man in his image.» Med tanke på kor vondskapsfull venninna hadde vore, meiner Jen at den logiske konsekvensen då må vere at Gud er ein sadist. Jen innrømmer vidare at ho aldri har forstått seg på Gud, ikkje minst på grunn av all lidinga i verda. Venninna lærte henne imidlertid mykje, ikkje minst dette at ein bør leve etter sine eigne verdinormer. Denne ærlegdomen hjå Abby står – ifylgje Jen – i skarp kontrast til kristendommen, som ho meiner er hyklerisk.

Ut frå presten sitt ansiktsuttrykk, opplevde han tydeleg talen frå Jen som ubehageleg. Reint filmatisk vert det allereie heilt i byrjinga av gravferda skapt eit inntrykk av å vere stor avstand mellom ungdommane og denne religiøse autoriteten.

Blind tru i Dawson’s Creek, – uansett objekt?

Ut frå analysematerialet, synest uttrykket blind tru å vere dekkjande for dei mest tydelege trusposisjonane i dette tilnærma sekulariserte fiksjonsuniverset. Både individualisme og relativisme ligg som eit bakteppe når desse spora av blind tru trer fram på fylgjande heilt ulike måtar:

For det fyrste, møter vi hjå Dawson ei blind tru på at det går an å skape lukke og meining. Livet kan verte perfekt, – drømmeverda kan verte reell. Utsegner som «All you have to do is believe» og «Now I choose magic» er typiske uttrykk for ei sekulær, eksistensialistisk livshaldning prega av idealistisk tru på moglegheita som ligg i å ta medvite val. I møte med døden kjem det personlege valet og ansvaret for eige liv og eiga lukke ekstra tydeleg fram. Her og nå -perspektivet dominerer og individualismen rår.

For det andre, møter vi hjå Jen synspunktet at kristendommen er ei blind tru. Det glimtet som kjem fram av kristen tru i fiksjonsuniverset, har dermed negativt forteikn. Omgrep som hyklerisk og illusorisk vert nytta for å gi uttrykk for religionskritikken hennar. Som nevnt, meiner ho at dersom Gud finst, må han vere ein sadist, – og ho plasserer det heile i fantasiverda, som eventyr frå sundagsskulen.

For det tredje, finn vi hjå Joey og Dawson at kristendommen vert kategorisert som eventyr, men at det likevel kan vere naudsynt å forankre tillita og søkinga etter meining der. Denne tredje forma for blind tru heng og nært saman med den eksistensialistiske og individualistiske haldninga som er referert til ovanfor. Ein dannar eit gudsbilete som passar ein sjølv, og trass i at det eigentleg er eit eventyr, vel ein å tru på det, for å kunne kome vidare i livet. Relativismen er dermed og framme.

Nokre religionspedagogiske utfordringar

Dei spora av livssynselementet tru som her er trekte ut av ein omfattande analyse av livssyn i Dawson’s Creek, må sjølvsagt nyttast som det dei er: Illustrasjonar på kva ein kan finne av trusoppfatningar i ei tenåringssåpe. Ut frå kjennskapen eg har til populære ungdomsseriar som t.d. Friends, synest det imidlertid å vere mange fellestrekk. Funna som er refererte til ovanfor, kan difor seiast å vere representative for sentrale delar av ungdommar sitt fiksjonsunivers.

Reint generelt peikar denne framstellinga på fire viktige føresetnader for religionspedagogisk verksemd i møte med ungdom: 1) Medvit om at alle har eit livssyn med det grunnleggjande aksiomet tru i botnen; 2) Medvit om den rolla media spelar som del av dei sosiale og mentale rammevilkåra for dei unge si livssynsdanning; 3) Kjennskap til korleis ein kan avlese livssynselementet tru i medieprodukta; og 4) Medvit om at ungdomsmedia til ei viss grad kan seiast å spegle ungdomskulturen (5).

Med desse føresetnadene som bakteppe, vil eg gjerne peike på fylgjande aktuelle religionspedagogiske utfordringar, knytt til dei to arenaene skulen og kyrkja:

Skulen som arena

Når uttrykket den parallelle skulen vert nytta om mediekulturen, kling det ein undertone av spenning mellom mediekultur og skulekultur. Korleis kan så kjennskapen til spor av tru i ungdomsmedia vere ein ressurs for undervisninga i faga Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering og Religion og etikk?

For det fyrste, gir denne innsikta hjelp til nettopp å skape eit møtepunkt mellom mediekultur og skulekultur. Uavhengig av kva tilhøve den einskilde eleven har til akkurat det eksemplet som vert valt som utgangspunkt for eit didaktiske opplegg, vil sjangrane og kodane i medieuniverset vere kjende. Men óg når ein ikkje nyttar ungdomsmedia direkte i undervisninga, er kjennskapen religionspedagogen har til dette livssynsuniverset, av uvurderleg verdi for å kunne kontekstualisere lærestoffet.

For det andre, gir denne innsikta hjelp til å kunne synleggjere at alle har ei tru, forstått som forankring av tillit og søking etter meining. Livssynsnøytralitet er umogleg, – eitkvart medieprodukt formidlar noko om dei fire livssynselementa, anten dette skjer medvite eller ikkje. Populærkulturen som formidlar av tru bør derfor tematiserast i undervisninga. Ikkje minst vil det vere relevant å gripe fatt i kva trusposisjonar som er synlege i ungdomsmedia, og kva som er fråverande. På denne måten kan aktuelle sekulære og religiøse perspektiv synleggjerast.

For det tredje, gir denne innsikta hjelp til å kunne supplere og korrigere livssynsbodskapane frå dagens ungdomsmedia. Undervisninga gjer det mogleg for ungdommane å verte kjende med kjeldene for dei ulike trusposisjonane, og dermed få respekt for innhaldet og integriteten til ulike ståstader. Dette inneber sjølvsagt at pedagogen har eit ansvar for å synleggjera den kristne trua si sjølvforståing som sann og unik.

Kyrkja som arena

Spenninga mellom mediekulturen og opplæringa som skjer innan den kristne forsamlinga, må seiast å vere endå sterkare enn spenninga mellom mediekulturen og skulekulturen. Ei større realitetsorientering synest derfor naudsynt når det gjeld kyrkja sine didaktiske oppgåver i møte med ungdom. Korleis kan så kjennskapen til spor av tru i ungdomsmedia vere ein ressurs i dette for t.d. kateketar og ungdomspastorar?

For det fyrste, gir denne innsikta hjelp til den store utfordringa som ligg i å omtale ungdommane si livsverd på ein slik måte at dei unge kan kjenne seg igjen. Kyrkja sine pedagogar kjem dermed ikkje utanom dette fenomenologiske arbeidet, der ein kartlegg kva religiøse og sekulære trusposisjonar som er med på å prege ungdomskulturen.

For det andre, gir denne innsikta hjelp til å kunne identifisere og nytte aktuelle tilknytingspunkt for kristen tru. Aktuelle case frå ungdommane sin mediekvardag kan med fordel integrerast både i bibelopplæring og i undervisning innan dogmatikk og etikk.(6) Ved å ta utgangspunkt i ungdomsmedia sitt livssynsunivers for så å relatere til Bibelen, får ein óg synleggjort kristen tru sin relevans for kvardagen og nærleik til det levde livet.

For det tredje, gir denne innsikta hjelp til å ta aktuelle innvendingar, spørsmål og alternativ til kristen tru på alvor. Ut frå spora av livssynselementet tru i Dawson’s Creek, vil det apologetiske arbeidet måtte ta opp problemet om lidinga og det vonde og utfordre m.a. relativismen, naturalismen og dei aspekta ved blind tru som er avdekte.

Til sist: Med utgangspunkt i det grunnleggjande livssynsmomentet tru, slik det er forstått og identifisert i denne framstellinga, er kyrkja si viktigaste apologetiske oppgåve i møte med dei unge i dag å påvise at tillita og søkinga etter meining kan – og bør – forankrast i Bibelen sin bodskap om ein Gud og ein Herre.(7)



Fotnotar

1. Ei slik forståing av livssynet si kognitive side ligg føre hjå P.M.Aadnanes. 
 

2. Tru som grunnleggjande element i livssynet er i norsk samanheng særleg løfta fram av John Nome og Axel Smith.
 

3. Denne metodiske tilnærmingsmåten kan omtalast som tekstanalyse med utgangspunkt i livssynsteori.
 

4. Sjå http://www.dawsonscreek.com
 

5. Mange ungdomsforskarar strekar under den sentrale rolla uforpliktande religiøsitet spelar i dagens ungdomskultur, noko som er lite synleg i fiksjonsuniverset Dawson’s Creek. Winjes kommentar er interessant her: «Østlige, vestlige, okkulte og paganistiske elementer blandes på ulike måter, men uten å fortrenge et humanistisk og til dels naturalistisk grunnsyn.» («Religiøsitet blant unge i 90-åra»; http://www-bib.hive.no/tekster/hveskrift/notat//1997-3/a13.html )
 

6. Eit svært godt døme på dette, er serien BibelLink (http://www.damaris.no).
 

7. Aktuelle ressursar for slikt apologetisk arbeid er m.a. Stefan Gustavsson; Kristen med god grunn (Luther forlag 1999) og Nick Pollard; Why Do They Do That? Understanding Teenagers (Lion 1998)

Av Margunn Serigstad Dahle

© Margunn Serigstad Dahle/Damaris Norge/Mediehøgskolen Gimlekollen


Margunn Serigstad Dahle er høgskolelektor ved Mediehøgskolen Gimlekollen.

Artikkelen er trykt i Prismet 3/03