Bruce Almighty

Kan Gud tvinga deg til å bli forelska?

Vi overfører artikler fra nå nedlagte Kulturvinduet, og løfter frem materiell som er tidløst eller fremdeles aktuelt.


Du hadde kanskje ikkje valt ein moromann som Jim Carrey dersom du skulle laga ein film om Guds allmakt, men det gjorde Tom Shadyac, og det har ikkje gått så aller verst.

Bruce Almighty tek opp spørsmål som mange av oss trudde me var ferdige med, men som er så grunnleggjande at dei fortener ein ny gjennomtenking – slike som: «Denne Gud, korleis ser han ut?», «Kor allmektig er han?» og «Kvifor kan han ikkje skru på ein brytar slik at alt blir bra mellom meg og kjærasten min?» Det hjelper sjølvsagt å sjå på filmen som noko meir enn ein overflatisk humorfilm, noko få filmmeldarar ser ut til å ha gjort.

Hunden tissar på teppet

Me møter Jim Carrey i rolla som Bruce Nolan, ein energisk og pr-kåt fjernsynsreporter som får livet i trynet, rett og slett. Først går han glipp av ein etterlengta jobb som nyheitsopplesar, så blir han banka opp av ein forbrytarbande, så krasjar han bilen sin. Hunden tissar på teppet, og forholdet til kjærasten (Grace/Jennifer Aniston) er i ferd med å gå på tverke. Livet er ikkje bra. I desperasjonen ropar Bruce Nolan på Gud – han meiner ingenting med det, men akkurat denne dagen har Gud bestemt seg for å ta Bruce på ordet.

Bruce Nolan endar opp i ein lagerbygning som er full av morosam symbolikk, som til dømes firmanamnet Omni Presents Inc. Vaktmeisteren i første etasje viser seg å vera den same personen som sjefen i sjuande etasje (var det noko kjent med det talet?). Det er sjølvsagt heller ikkje tilfeldig at det er den same personen som spelar både sjefen, vaktmeisteren og elektrikaren (Gud, Jesus og Den Heilage Ande). Mannen heiter Morgan Freeman, (blant anna kjent frå Fridomens regn (1995), og frå Nelson Mandela-filmen som kjem neste år).

Det hatske livet til Bruce Nolan får ei drastisk vending når Gud bestemmer seg for å ta ferie og overlata nøklane til den unge, kjekke, ulukkelege fjernsynsreporteren. Bruce Almighty får makt til å gjera alt – bortsett frå to ting: Han kan ikkje seia til nokon at han er Gud, og han kan ikkje tukla med den frie viljen til menneska. Det siste er spesielt viktig.

Heretter byr filmen på ein del uforskyldt morosame replikkar av typen «Oh, my God!» – jamfør når kjærasten (altså Grace/Jennifer Aniston) opnar døra og utbryt «Oh, God!» og Bruce (altså Jim Carrey) svarar sjølvsikkert «You can call me Bruce».

Hunden går på do

I førstninga er det inga sak å vera Gud. Bruce nyt det i langdrag; han får hunden til å gå på do og erkerivalen Evan Baxter snakkar plutseleg vrøvl på direktesendt fjernsyn. Verre blir det når det hopar seg opp med millionar av bøner som krev eit svar. Kva skal Bruce gjera med dei 400.000 menneska som har bedd om å vinna førstepremien i lotto?

Den velmeinande vikarguden Bruce lét like godt alle vinna, men 17 dollar på kvar er ikkje mykje, og snart er byen i opprør. Dette i seg sjølv er for så vidt ein nyttig leksjon i gudskunnskap: Det handlar om det gamle dilemmaet om at Gud ikkje kan tilfredsstilla både campingplasseigaren som bed om sol og bonden som bed om regn samstundes.

Men meir interessant er spørsmålet filmen reiser om den frie viljen. Finst den? Ifølgje filmen, ja. Bruce Almighty har makt til gjera alt, men ein ting har han ikkje kontroll over: den frie viljen til menneska. Han kan ikkje tvinga Grace (her er namnet eit hint!) til å bli forelska i seg att. På dette punktet står det noko uklart for meg om filmen framstiller det slik at Gud frivillig har gjeve frå seg retten til å blanda seg inn i den frie viljen, eller om det er logisk og fysisk umogleg for han å påverka viljen. Dette er eit interessant spørsmål, men det må liggja i denne omgangen.

Påstanden min er at Bruce Almighty seier ikkje så reint lite om vår tids gudsbilete, på trass av at somme terningkastarar altså framstiller filmen som eit langt, forutsigbart gjesp. Dei har nok oversett at Bruce Almighty har fleire lag.

Optimistisk menneskesyn

For det første: Gud finst. Jim Carrey sa i eit intervju i samband med filmlanseringa at «Gud er ein energi som styrer alt». Akkurat denne utsegna treng ikkje bety så mykje, men undersøkingar stadfestar at nordmenn flest, unge og gamle, trur på ein Gud som har skapt verda og som framleis har ein finger med i spelet.

For det andre, og desto meir interessant, er det at filmen framstiller det som umogleg at Gud kan tukla med den frie viljen. Han kan som sagt ikkje tvinga Grace (Jennifer Aniston, ho er då søt, då) til å bli forelska i Bruce (Jim Carrey, kjekk type, tenk for eit par!). Det må ho på ein måte bestemma sjølv.

Det intrikate er at ein ikkje kan bestemma når ein skal bli forelska. Det veit alle som har vore i den situasjonen. Gud kan ikkje bestemma desse greiene, og du kan ikkje bestemma. Kven er det då som bestemmer? Dette er eit av spørsmåla som ligg og luskar under overflata på denne filmen.

Bruce Almighty er prega av eit ekstremt optimistisk menneskesyn, i tråd med vår tid. Du er din eigen lukkesmed. Gud er ein grei kar, men utan at du vil noko sjølv, blir du ingen vinnar. Replikken der Gud (Morgan Freeman) bagatelliserer sine eigne krefter, er symptomatisk: «Å skilja Raudehavet er berre eit billig trick, men ei dobbelarbeidande kvinne som får tid til å køyra guten sin på fotballtrening, det er eit under». Allmakta er liksom flytt frå den allmektige Gud til oss menneske.

Slik er vår tid.

Av Terje S. Skjerdal

© Terje S. Skjerdal/Damaris Norge 2003