lykke

Lukkeleg utan å lukkast?

Vi overfører artikler fra nå nedlagte Kulturvinduet som er klassiske og tidløse, eller som fremdeles er aktuelle og relevante. Er det nok å leve et vanlig liv? Denne artikkelen trekker frem to eksempler som hevder det motsatte.  

 

«For oss er lukke meir eit krav enn det er ei forventning.» Slik omtalte den 30 år gamle forfattaren Helga Flatland sin eigen generasjon i samband med presentasjonen av Aschehoug si haustliste og hennar siste roman Vingebelastning. Hovedpersonen Andreas er like gammal som forfattaren. Trass at han får ein jobb i tråd med draumen om «å vere noko innan media», er han ikkje særleg lukkeleg. «Det er som han ventar på ei overrasking som nokon har lova han, men som aldri kjem», seier Flatland. Lukka ligg altså i å oppnå forventningane om det ekstraordinære, som ein jo har krav på.

Same tematikken finn vi igjen i den ferske dokumentarfilmen Angsten for et helt alminnelig liv (Dokufilm AS). 24-åringen Vilde Stedal Kalvik teiknar her eit portrett av seg sjølv og sin generasjon, med utgangspunkt i jaget etter suksess – og frykta for ikkje å lukkast. «Det er ikkje lenger nok å leve eit heilt vanleg liv – det å ikkje lukkast er det same som å feile», seier Kalvik. Det alminnelege er synonymt med det mislukka. Vi fortener noko meir.

Se promo-film her.

Lar vi oss utfordre?

To ulike fortellingar i dagsaktuell populærkultur gir oss altså eit nært møte med ei mørk side ved det å ha vakse opp i det norske velstandssamfunnet. Vi blir nok ikkje overraska av det vi møter, men spørsmålet er om – og korleis – vi lar oss utfordre?

Aschehoug

Desse unge, ærlege stemmane peikar på korleis samtids- og populærkultur påverkar sjølvkjensle og sjølvbilete, ja, forståinga av identitet og kva livet faktisk er. Når Kalvik gir oss eit usminka innblikk i eigen prestasjonsangst og deler refleksjonar om den, er det som eit ekko av funn i ungdomsundersøkingar og moment i fagartiklar om aktuell ungdomskultur. Likeeins Flatland, som lar hovudpersonen få ein lettare psykisk diagnose som følge av knuste forventningar.

Og begge illustrerer kvifor «dessertgenerasjonen» er ein av merkelappane på deira generasjon. Alle valmulegheiter synes jo å vere opne, og alle har krav på å vere lukkelege. Samstundes som alle fortener denne lukka, avheng den ironisk nok av å lukkast med eigne prosjekt og prestasjonar.

«Den ambisiøse meg-generasjonen» heiter det då også i ein reklame for Imsdal, der det treffande seiest at den unge må «oppnå alt, bli noe, få til å bli den personen man ønsker å bli – som ingen andre er.» Lukkast med å skape ei perfekt utgåve av seg sjølv, altså, og dermed leve lukkeleg, fjernt frå eit alminneleg A4-liv.

Nettopp denne frykta for A4-livet har Kalvik kjent på sidan ho var barn. Og med eit skarpt, analytisk blikk reflekterer ho over dei mange bodskapa frå media – og korleis kravet om det perfekte fargar opplevinga av kvardagen, seg sjølv og livet. Heilt i tråd med ein annan karakteristikk av dagens unge: «generasjon perfekt». Det er som desse ungdommane lir av eit kollektivt «flink pike»-syndrom på alle område i livet, og måler verdien sin ut frå plasseringa på skalaen.

Søker du lukka, finn du den ikkje

Sjølv brukar eg ofte dei fem kategoriane utsjånad, eigedelar, prestasjonar, relasjonar og opplevingar som innfallsvinkel til å gå djupare inn på sider av livet som i ulik grad kan opplevast som «knaggen» ein heng identiteten på. Alle desse er under press om «det perfekte», og nettopp dette presset skaper for mange unge ei lammande frykt for ikkje å lukkast. Lukka i livet er og blir ein uoppnåeleg draum.

Kan så 2015 bli året der lista vert lagt litt lågare, slik Kalvik spør seg? Og kan norma for det normale livet utvidast, slik Flatland ønsker? Ei realitetsorientering, altså, i forhold til livet, til det å lukkast – og til å vere lukkeleg.

Via ulike kanalar tek stendig fleire til orde for det same. Men få er så tydelege som Vilde Stedal Kalvik når ho oppmodar til å endre blikkretningen bort frå oss sjølve og utover til den andre. Her rører ho ved sjølve kjerna både i høve til problemet og til løysinga.

Så er dette kloke peikarar til det sanne, bibelske perspektivet om at lukke alltid er eit biprodukt. Søker du lukka, finn du den ikkje. Men tener du ditt medmenneske, vert du lukkeleg. Og djupast sett finn me lukka hjå Skaparen sjølv.

Først på trykk som kulturnotat i avisen Dagen 10.09.15.

 

Les gjerne Ingvild Thu Kro om lykke – og meningen med livet