konfirmasjon

Tradisjon og tru

Så er festmånaden mai her igjen, og i mange familiar står konfirmasjonsfesten i fokus. Anten den finn stad i kyrkja eller i regi av Human-Etisk Forbund, Sosialhumanistane eller Holistisk Forbund, held konfirmasjonen i hevd ei viktig livsrite, og dei fleste feirar høgtidsdagen nå i mai.

For det store fleirtalet av konfirmantar vert imidlertid òg tradisjonen med kyrkjeleg konfirmasjon halden i hevd. Statistikken frå dei siste åra viser at om lag 66% av årskullet vel å konfirmere seg i kyrkja. Humanistisk konfirmasjon står for den største alternative gruppa, med om lag 16% .

Den kyrkeleg tradisjonen står altså sterkt, midt i mangfaldet av religiøse og sekulære livssyn som omgir oss. Grunnane er mange – og har ulikt refleksjonsnivå. Nokre tenåringar har imidlertid gjort eit svært bevisst val om kyrkjeleg konfirmasjon: ”Eg konfirmerer meg for å finne ut om eg er kristen eller ikkje.”

Utsegna speglar ei samtid der kunnskapsnivået er lågt – men der nysgjerrigheita til kristen tru kan vere ganske stor. Vilkåra for kristen livssynsdanning er dramatisk endra, og konfirmantane kjem til kyrkja med svært ulik bagasje. Men bevisst eller ubevisst har alle eit livssyn, grunna i ei tru – ei tillit til nokon eller noko, anten det er religiøst eller sekulært. Det er då avgjerande kva som skjer med denne trua i konfirmasjonstida.

Kor har dei så funne materiale til livssynsdanninga si så langt? Og kva særpregar det “filteret” som dei møter konfirmasjonsundervisninga med? Slike spørsmål er vesentlege for alle som er opptekne av å dele kristen tru med dei unge. Vi formidlar aldri inn i eit vakuum, og utfordrast difor til å ta dei felleskulturelle vilkåra på alvor.



Kva er typisk for dei rammene dagens tenåringar har for livssyndanninga? Eit samtidstrekk som umiddelbart merkar seg ut, er individualismen. Forsking på ungdom og religiøsitet viser då òg ei sterk individualisering av trua, kopla med manglande forplikting og prega av relativisme og pragmatisme. I høve til kristen tru strekar mange under at dei er kristne “på sin måte” og vel ut dei delane av Bibelbodskapen som kjennes rett for dei. Spørsmålet om sanning er då like irrelevant som spørsmålet om det fungerer, er relevant.

Ikkje minst for dei unge, er populærkulturen sine forteljingar vesentlege kjelder til svar på eksistensielle spørsmål. Søking etter meining og openheit for det religiøse er her slåande, samstundes som fråvéret av truverdig bibelsk formidling er talande.

Eit blikk på forholdet mellom ungdomskultur og populærkultur avslører svært mange likskapar, og utfordrar til å gå djupare inn i kva materiale film, musikk, tv-seriar etc. gir til livssynsdanninga. Tilknytingspunkta og spenningspunkta vi her finn i høve til formidling av kristen tru, kan ikkje neglisjerast om vi vil møte dei unge der dei er – med det beste vi har å gi.

Måtte dei mange unge som snart skal feire tradisjonell kyrkjeleg konfirmasjon, ha fått eit levande møte med Han som er trua sin opphavsmann og fullendar; Jesus Kristus.