Daniel

Våg å stå som Daniel!

 – Fortellinga om Daniel er eit sterkt kall til kristne om å vere frimodige og ikkje la trua bli verken utvatna eller privatisert!

John Lennox var klar i utfordringa si då han som hovudtalar på Veritaskonferansen 2018 nettopp hadde Daniel i fokus på fellessamlingane. Den kjende Oxfordprofessoren, forfattaren og bibellæraren er ein unik forkynnar, og forsamlinga fekk verkeleg lagt inn over seg kallet til å våge å gå mot straumen i ei samtid prega av relativisme.

Oppmodinga om å ha Daniel som rollemodell var like tydeleg som inspirasjonen til å lære av han var varmhjarta. Situasjonen i maktsentrumet Babylon for rundt 2.500 år sidan har nemleg mange fleire likskapar med kvardagen vår enn me skulle tenkje. Og nettopp her levde Daniel og tre andre jødiske ungdommar ut trua si med integritet på den offentlege arenaen, trass trussel om dødsstraff.

Her, på eit livssynstorg der klimaet vart stendig tøffare i møte med trua på den eine, sanne Gud. Her, blant eliten, der karriere var knytt til å ha herskaren sin velvilje – og herskaren sjølv ville vere sentrum for tilbeding. Her, i konfrontasjonen mellom trua på den levande Gud som openberrar seg og vil ha fellesskap med oss – og ei tru som har mennesket i sentrum og der gudane er tause, utanfor rekkevidde.  Akkurat her stod Daniel og venene hans oppreist, ja, dei vaks i trua på Jahve samstundes som karrieren faktisk blomstra!

Verdsmetropolen Babylon med den fantastiske arkitekturen fløymde over av gudebilete og tempel. Byportane hadde namn etter gudane, som oftast henviste til dei grunnleggande kreftene i oss og rundt oss, som makt, grådighet, rikdom, aggresjon og sex. Avgudsdyrkinga prega både det blomstrande kulturlivet og det verdskjende kunnskapssenteret.

Lennox peikar i boka Against the Flow. The Inspiration of Daniel in an Age of Relativism på kva djup tyding det hadde at utstyr frå Guds tempel i Jerusalem vart plassert i eit skattkammer for Nebukadnesar sin gud. Dermed vart det som hadde absolutt verdi redusert til noko med relativ verdi. Det absolutt sanne vart redusert til ei av mange halvsanningar.

Kjenner me igjen avgudsdyrkinga frå vår kvardag? Den tek mange former, men det underliggande perspektivet er likt det Daniel møtte. Det sanne og det absolutte er blitt relativisert. Det heilage er blitt verdsleggjort.

Daniel og venene hans stod imot freistinga til å gå på kompromiss. Dei nekta å ete maten frå kongen sitt bord, for det ville bety å inngå ein kontrakt med han som aldri kunne brytast. Sadrak, Mesjak og Abed-Nego nekta å tilbe herskaren si gullstatue, og hamna derfor i eldomnen. Daniel nekta å droppe dei tre bønetidene ved eit ope vindauga mot Jerusalem, og havna i løvehola. Det kosta å bli ståande! Alle fire var klare for å gå i døden.

Å våge å stå som Daniel kostar i dag også! Mange i vår verd lever med trussel om dødsdom hengande over seg, men kostnadane tek ulik form i ulike kontekstar. Det same gjer utfordringane om å gå på kompromiss med den kristne trua! Korleis leve eit heilagt liv i vår kvardag, med Daniel som modell? Korleis vere tru mot sanninga der me er – i kjærleik?

Det har med holdningar og handlingar å gjere, både i relasjonane våre, i yrket vårt, i møte med fag og studium, og ikkje minst i møte med mediemylderet. Er me  – som Daniel – prega av at identiteten vår er i Gud? Er Gud og hans Ord sentrum i livet?

Stendig fleire røyster på vårt vestlege livssynstorg seier ikkje berre at det er likegyldig kva me trur på så lenge me held trua for oss sjølve. Dei hevdar at det er både forkasteleg og farleg å seie at eins eiga tru faktisk er sann. Trua på Jesus Kristus, Guds Son og verda sin Frelsar blir ein trussel. Som tilfellet var for Daniel, vert trua på den einaste, sanne og levande Gud opplevd som ein fare både for stabiliteten i samfunnet og fridomen for enkeltmennesket.

Relativismen rår, i dag som i Daniel si samtid. Og naturalismen rår, nå som då. Dei tallause gudane i Babylon var tause. Stjerne- og draumetydarane var overtydde om at det var umuleg å få noko openberring om kva Nebukadnesar sine draumar hadde for meining. Det var eit lukka univers – og innan den ramma lefla ein med det religiøse, med seg sjølv som sentrum.

Høyrer me ekkoet av vår eiga, postmoderne samtid? I vårt livssynsåpe samfunn er idealet å vise gjensidig respekt, fremje dialog og konstruktiv kritikk mellom ulike livssyn. Men ramma? Den har sekulære, naturalistiske trekk. Og haldninga? Den er prega av relativisme. Vågar me å gå mot straumen?

 

Artikkelen er også publisert som Kulturnotat i avisen Dagen. 

 

 

.