Cast Away

Av Terje S. Skjerdal

Cast Away

Samandrag

Chuck Noland (Tom Hanks) er mellomleiar i ekspresspakkebyrået Federal Express. Jobben hans er å reisa rundt i verda for å få medarbeidarane til å bli meir effektive. I julehelga får han eit uventa oppdrag på den andre sida av kloten. Turen skal ta berre eit par dagar, men flyet styrtar i Stillehavet. Ved eit mirakel overlever Chuck flystyrten og strandar på ei aude øy. Dei neste dagane og månadene vert livet hans snudd opp-ned.

Om filmen


– Flystyrtscenen er ein av dei mest realistiske som nokon gong er laga.

– Bruken av lyd og bilete (såkalla kinematografiske verkemiddel) er framifrå gjennom heile filmen. Legg merke til kor lite bakgrunnsmusikk det er – mindre enn ti minutt på meir enn to timar!

– Filmen er for det meste spela inn på Filippinane og på Fiji-øyane. Bølgjesusen var ei utfordring. Mest all lyden er lagt til etterpå. Det var eit poeng å få fram kontrasten mellom det hektiske jetset-livet og det einsame tilværet på øya.

– Dersom ein set saman initialen til Chuck og etternamnet, får ein «C. Noland» (see noland).

– Wilson er eit kjent volleyballmerke. For å få «samtalen» mellom Chuck og Wilson mest mogleg realistisk, vart det lagt inn replikkar for Wilson óg.

Cast Away tok nesten eit og eit halvt år å filma. Grunnen var at Tom Hanks skulle få skjegg og bli slank i mellomtida.

– Legg merke til at Wilson er med i rulleteksten!

– Filmen inneheld meir eller mindre skjulte referansar til om lag ti andre filmar, mellom anna Forrest Gump (USA 1994), der Tom Hanks óg hadde hovudrolla.

Forslag til klipp

Helst bør ein sjå heile filmen før samtalen, men har ein avgrensa tid, sjå sekvensen frå ca. 66 min-105 min. Start der Chuck prøver å gjera opp eld, stopp der han ligg på flåten og sørgjer etter å ha mist Wilson. Spol eventuelt forbi nokre av scenane i midten (t.d. tannverken og flåtebygginga).

Oppgåve på førehand

Be alle ta med eit bilete av ein person dei er glad i til samtalekvelden.

Samtalespørsmål

Kva grunnleggjande behov har Chuck på øya? Kva er det viktigaste?

Kva slag funksjon har Wilson? (Legg merke til at Chuck får nye krefter når han føler at nokon ser på han!)

Er det mogleg å få eit personleg forhold til ein volleyball?

Når Chuck snakkar med Wilson, kven er det han eigentleg snakkar med?

Korleis kan ein samtalepartner få fram meir i oss sjølve enn me kan greia på eiga hand?

Forklar kva som skjer når Chuck diskuterer med Wilson om sjølvmordsforsøket. (Hint: Samtale med samvitet) Kvifor vert Chuck sint?

Kva er bakgrunnen for sjølvmordsforsøket?

Er det andre enn Chuck og Wilson som er «til stades» på øya? (Hint: Kelly)

Personleg:

Kva er det lengste du har vore åleine?

Korleis hadde du takla å vera fem år på ei aude øy?

Er du ein kontaktsøkjande person, eller trivst du best åleine?

Når er det bra å vera åleine, når er det bra å ha nokon å støtta seg til?

Kva betyr venene dine for deg? Ta fram biletet du tok med. Fortel kvifor denne personen er viktig for deg.

Gje tre kjenneteikn ved ein god venskap.

Er det nødvendig at ein venskap er likeverdig? Var venskapen mellom Chuck og Wilson likeverdig?

Bibellink:

Når søkte Jesus einsemd? (Hint: 40 dagar i øydemarka)

Når var Jesus mest åleine? (Hint: Matt 27,46)

Har du nokon gong kjent at Gud er langt borte? Kan det samanliknast med den opplevinga Jesus hadde på krossen?

Forklar korleis Chuck formar Wilson. Korleis lagar han andletet hans? Kva bibelsk parallell finn du? (Hint: 1 Mos 1,27)

Kva seier Bibelen om å ha relasjonar til andre? Til Gud?

©Terje S. Skjerdal 2003