Vi har nå stengt nettstedet Kulturvinduet, men overfører artikler som fremdeles kan være til nytte. Denne er fra 2008, men Narniauniverset er alltid aktuelt. 

Kreativiteten er eitt av særprega ved å vere menneske. Uavhengig av korleis den vert nytta, er kreativiteten ein peikar på at me er skapte i biletet til ein kreativ Gud! Så har verdshistoria ei mengde eksempel på kreative uttrykk som tydeleg reflekterer kristne verdiar, mellom anna i mange litterære forteljingar. Eit aktuelt eksempel her er Narnia-bøkene av C. S. Lewis.

Heile rekkja av forteljingane om Narnia byrja med at Lewis såg føre seg biletet av ein faun. Etter kvart kom det nye bilete med andre rollefigurar,  – og forteljinga utvikla seg med ulike tema, driven fram av si eiga, indre berekraft. Slik vart Løva, heksa og klesskapet til, og etter kvart heile rekkja av dei sju bøkene me kjenner som Narnia-serien.

Mange av oss fekk eit nytt møte med faunen Tumnus, løva Aslan og borna Peter, Susan, Edmund og Lucy via filmlerretet vinteren 2005/06, og ser nå fram mot eit tilsvarande sommarmøte med Prins Caspian.

Korleis møter me så Narnia-forteljingane, anten det er via bok eller film? C. S. Lewis sjølv ynskjer at me skal la oss gripe av den einskilde forteljinga som sådan – med det fascinerande mangfaldet av rollefigurar, hendingar og tema – og nyte språket, stemninga og miljøet. Men han ynskjer noko meir! Samstundes som forfattaren avviser at han i utgangspunktet skreiv Narnia-serien for å formidle kristen tru, seier han nemleg fylgjande: “La oss tenkje oss at det fanns ei verkeleg verd som Narnia, og at det hadde gått verkeleg gale i denne verda, slik som i vår. Korleis kunne Gud då gripe inn? Narnia-bøkene gir mitt svar på dette.”

Løva, heksa og klesskapet skildrar Aslan – og borna – i ein dramatisk kamp mot det vonde. Aslan blir drepen, men står opp frå døden! Alle som kjenner den bibelske forteljinga, identifiserer dermed Aslan med Jesus. For dei som er ukjende med kristen tru, er det så C. S. Lewis sitt håp at det å ha møtt forteljinga om Aslan, vil føre til ei gjenkjenning dersom dei seinare møter bodskapen om Jesus.

Når me om få veker er tilbake i Narnia via filmlerretet, er også dei fire borna tilbake, denne gongen via ein jernbanestasjon. Oppdraget nå er å hjelpe prins Caspian og ei gruppe trufaste Narniaborgarar i kampen for det sanne, det gode og det vakre. I fylgje C. S. Lewis, er hovudtemaet i Prins Caspian å vinne tilbake “den ekte religionen”, etter lang tid med forvrenging av sanninga. Samstundes er bibelske tema som lydnad, tillit, tru og siger over det vonde, sentrale.

Måtte me i møte med filmen Prins Caspian glede oss over Lewis sin kreativitet og verte gripne av forteljinga på alle nivå! Dermed også på det djupare nivået, der forteljinga minner oss om at den kristne sitt liv med Kristus også er eit liv i kamp for sanninga. Prins Caspian utfordrar, – til å verne og å vinne tilbake det som er sant og ekte, til å ha tillit til Kristus kva som enn møter oss, og til å kvile i trua på Kristi seier over det vonde. For, som C. S. Lewis sjølv seier; “heile Narnia-serien er om Kristus”.

 

 

Denne artikkelen ble først publisert som Kulturnotat i DagenMagazinet 2008.

 

 

Mer materiale om bøkene og filmatiseringene? Finn samtaleguider, aktualiseringer og artikler her

 

(Visited 81 times, 1 visits today)

Relaterte artikler