The Simpsons

Kristendom i beste sendetid

Vi overfører materiell fra nå nedlagte Kulturvinduet, og trekker frem artikler som er tidløse eller fremdeles relevante. The Simpsons går fremdeles daglig på blant annet Viasat 4, og er nå oppe i 30 sesonger. 


 

Av Terje Skjerdal, høgskolelektor ved Mediehøgskolen Gimlekollen.

 

Kvar ettermiddag på TV 3 dukkar det opp eit halvtimes program som tek opp viktige teologiske spørsmål: teikneserien The Simpsons.

Den amerikanske teikneserien er ein suksess utan sidestykke, og slår stadig nye rekordar når den går inn i sitt 16. år denne hausten. Kvar nye episode vert sett av minst 15 millionar amerikanarar – i tillegg til ein hærskare av tilhengjarar over heile verda.

I Noreg går serien på TV 3 klokka 17.05 og 18.05 kvar vekedag, og på musikkvideokanalen ZTV to gonger seinare om kvelden. Kvar veke er det éin ny episode; dei andre dagane er det reprise på gamle episodar. Kvar gong TV 3 flyttar The Simpsons til nye tidspunkt, eller i tidlegare år vurderte å ta heile serien av plakaten, kjem det protestar frå Simpsons-fan.

Ingenting tyder på at serien kjem til å forsvinna frå sendeskjemaet no, etter at stadig fleire nordmenn har fått augo opp for Homer, Bart, Lisa og dei andre i den fiktive amerikanske småbyen Springfield. I sommar kunne me for første gong kjøpa Simpsons som teikneserieblad på Narvesen. Bladet selde mykje meir enn forventa – til tross for at folk flest les mindre og mindre teikneserie.

Men påstanden var altså at The Simpsons tek opp viktige teologiske spørsmål. Handlar denne tøysete teikneserien om teologi? Svaret er ja! Medan andre seriar og humorprogram av ulik art (Hotel Cæsar, Idol, Vener for livet, Dagsrevyen, detektimen osb.) held seg langt unna spørsmål om tru og livssyn, hender det rett som det er at The Simpsons går inn i dette landskapet. På sin spesielle humoristiske måte, sjølvsagt.

Alle går til kyrkje

I Springfield går alle til kyrkje – anten dei er «superkristne» eller meir folkereligiøse. I ein episode nektar rett nok Homer – hovudpersonen – å gå til kyrkje etter at buksa hans raknar bak. Han held seg heime, og bestemmer seg for å danna sin eigen religion basert på fjernsynstitting og kakeeting. Det går sjølvsagt gale.
I ein annan episode vert han ufrivillig sendt til eit misjonsland der misjonærane har gjeve opp. Etter å ha innsett at han ikkje kan reisa tilbake til Vesten, lyt han gjera det beste ut av situasjonen. Han satsar på nye prosjekt, nemleg pub og kasino. I starten er det ein suksess – men snart drikk folk seg fulle og byrjar å slå kvarandre i hel, akkurat slik dei gjorde før. På ein enkel og morosam måte stiller The Simpsons spørsmål ved bistand og utviklingshjelp.

Nettopp denne enkle framstillingsmåten er typisk for The Simpsons: Gjennom elementært språk, på grensa til det naive, stiller serien spørsmål ved etablerte oppfatningar om alt frå trivielle kvardagsproblem til religiøse overtydingar. Nokon kvar kan bli teken på senga av paradoksa som serien blottstiller. I byrjinga reagerte ein del amerikanske kristne på skildringa av sine eigne miljø, men den kritiske haldninga stilna raskt når folk faktisk byrja å sjå på serien og oppdaga at framstillinga var uskuldig. Serieskaparane hadde ikkje hadde noko mål om å «ta» dei kristne. Og i den grad at sære kristne miljø vert forulempa i serien, er det kanskje til og med på sin plass!

Det er forresten ikkje berre kristne som har vorte ufordelaktig framstilt i The Simpsons. Politikarar og stjerner vert stadig gjort ap med, til liks med borgarmeistarar, fotballspelarar, bussjåførar, husmødrer, homofile, feministar, hinduar, innvandrarar osb. – alltid i ein uskuldig tone. Den eldre president George H.W. Bush tabba seg ut då han kritiserte serien for å representera det moralske forfallet i samfunnet. Han såg ikkje at det var nettopp det moralske forfallet The Simpsons dreiv gjøn med og freista å avsløra! (Seinare forstod han humoren i serien og måtte smila av sin eigen kritikk – og serieskaparane hadde fått endå ein person som kunne brukast.)

Det siste ryktet om The Simpsons går ut på at ein av rollefigurane – den eine systera til Marge – skal inngå partnarskap. Det skal skje rundt juletider. Me skjønar at episoden har adresse til den aktuelle debatten om partnarskapsinngåing i USA, og i god Simpsons-tradisjon vil den antakeleg fokusera på nokre av dei meir trøblete sidene ved homofilt samliv.

Men The Simpsons er ikkje først og fremst ein politisk satire, men ein serie som set søkjelyset på dei mange etiske og moralske inkonsekvensane som dukkar opp i kvardagslivet.

Homer: Moralsk forfall

Homer Simpson er hovudpersonen i The Simpsons og far til tre. Det er ei oppgåve han klarer med vekslande hell. Han er definitivt glad i familien sin, men han er også glad i å ha det behageleg. Øl, fotball og søte kaker er av hans store hobbyar. Ofte går det utover andre. Når det er foreldremøte for dottera Lise (8 år), har Homer avtalt å møta venene sine på puben. Far orsakar seg overfor Lisa, men bøyer seg ned og forklarer på sin faderlege måte at han dessverre ikkje kan gå på foreldremøte fordi han har andre plikter å gå til.
Kyrkja er han heller ikkje spesielt glad i. Av plikt møter han opp kvar søndag, men ikkje sjeldan sovnar han i kyrkjebenken. Kunnskapane hans om synd, tilgjeving og frelse viser seg å vera mangelfulle. Han trur på himmel og helvete, men han er helst ein karikatur av det folkereligiøse mennesket og er overtydd om at gode gjerningar er den einaste måten å koma til himmelen på. Typisk for hans måte å tenkja på er at Gud responderer direkte til menneskelege handlingar også i den daglege donten, og at lagnaden til den enkelte er eit resultat av kor mykje godt eller vondt ein har gjort i løpet av dagen.

I ein vidgjeten episode der huset til Homer Simpson tek fyr, reknar han det som ein takk for at han ikkje har vore snill. Men så skjer det: Nokre av flammane hoppar over på nabohuset og antenner taket til den pietistiske, kristne naboen Ned Flanders. Plutseleg har Homer eit bevis på at Gud straffar tilfeldig likevel. Sekundar etter at han har påpeikt dette, kjem ei lokal regnsky og sløkkjer brannen hjå Ned Flanders. For å understreka Guds vern over Flanders, strålar det dessutan fram ein regnboge som omfemner huset. Ei overrasking i typisk Simpsons-stil.

Gud: Allmektig

Dette er ikkje einaste gongen Gud eller guddommelege krefter kjem til syne i The Simpsons. Den kraftige røysta til Gud lyder rett som det på himmelen over Springfield. Framstillinga av Gud i serien er tradisjonell; det vil seia at Gud er ein godt vaksen mann med stort skjegg og kraftig stemme. Dessutan har han fem fingrar. Dei andre karakterane i The Simpsons har fire fingrar (klassisk teikneseriegrep), men Gud har altså fem. Han er på sett og vis meir fullkomen enn dei andre karakterane.

Det er ingen kjærleg, omsorgsfull Gud som opptrer i The Simpsons. Han er allmektig og kan styra slik han vil. Plutseleg kan han forårsaka jordskjelv. Mangelen på omsorg frå Gud si side er neppe uttrykk for teikneserieskaparane sitt bilete av Gud, men endå ein gong uttrykk for populærbiletet som dei ynskjer å få fram.

Er det forresten kristne folk som står bak The Simpsons? Om dette veit me ikkje så mykje, men opphavsmannen til The Simpsons, Matt Groening, er i alle høve ikkje nokon aktiv kristen. Han har fleire gonger fått spørsmål om kvifor det er så mykje kristendom i The Simpsons, men har ikkje svara fullstendig på spørsmålet. I eit intervju med bladet My Generation gjev han uttrykk for at han har lese ein del i Bibelen, og at han tykkjer det er mange rare historier der. Han tok sjølv ein bibel frå eit motellrom då han var på speidartur ein gong i barndomen, for han trudde den var gratis. Det måtte han tola hard kjeft frå speidarleiaren for. «Eg bad til Gud og sa: Eg veit du vil tilgje meg for at eg ikkje trur på deg,» skal Groening ha sagt i eit intervju. Paradokset i utsegna har dukka opp att som tema i fleire episodar av The Simpsons.

Pastor Lovejoy: Moralistisk

Pastoren i Springfield er ein studie verd. Pastor Lovejoy lever så visst ikkje opp til namnet sitt. Han er depressiv og held lange, tørre, moralistiske preiker. Han er spesielt glad i brutale historier frå Gamletestamentet. Ein typisk preiketittel er «Helvete – ikkje lenger berre for kristne».

I ein episode får Bart skulda for å ha stole pengar frå kollektkorga – noko han ikkje har gjort. Pastor Lovejoy fordømer den unge syndaren med støtte frå utvalde delar av Bibelen. Lisa svarar med å minna om ordet i Matteus 7,1: «Døm ikkje, så de ikkje skal verta dømde!» Men dette verset kjenner ikkje pastor Lovejoy til. «Det er mogleg at det finst i Bibelen,» innrømmer han, «men det er i så fall mot slutten.» Tanken hans er at versa er mindre gyldige til lenger bak i Bibelen dei står; Nytestamentet er mindre gyldig enn Gamletestamentet. Og denne mannen er prest i Springfield …

Ned Flanders: God kristen

Då står det betre til med teologien til Ned Flanders, den superkristne naboen til Homer Simpson. Han er sjølve stereotypien på den positive, evangelikale kristne med perfekte familieforhold. Forholdet til kona Maude er det beste (eller var: ho døydde i ei tragikomisk ulukke i februar 2000). På eit ekteskapskurs kjem det fram at det einaste dei slit med i forholdet er at Ned smugles i Bibelen og gjer understrekingar når Maude ikkje er til stades.

Borna til Ned – Rod og Todd – har aldri synda og øver på kristne songar dagen lang. Yndlingsspela deira er «Den gode samaritanen» og «Kle den spedalske». I ein utruleg episode der det er isfront mellom Homer og Ned, prøver Homer seg med eit bibelsitat: «Den som er utan synd, kan kasta den første steinen!» Ein av sønene til Ned følgjer instruksen og kastar ein stein rett i panna på Homer. Slikt kan ein gjera når ein aldri har synda.

På trass av den gode, kristne haldninga til Ned Flanders er det fleire kommentatorar som har påpeika at han aldri får koma til orde i serien med grunnleggjande forkynning om nåde og frelse. Det er kanskje lettare å laga humor av moralske tema enn av tema som har med frelse å gjera?

 

Les gjere flere saker om The Simpsons

 

Lisa: Den kritiske

Homer Simpson er så langt frå nokon intelligent mann, men det er derimot dotter hans, Lisa. Åtteåringen har toppkarakterar i alle fag og ordforråd som ein førsteamanuensis. Ho spelar saksofon og går mykje på biblioteket. Samstundes er ho sosialpolitisk engasjert. Når Springfield flyt over av bos og kjernekraftverket spyr ut giftige kjemikaliar i elva slik at fiskane utviklar tre augo, er det Lisa som bryr seg. Ho prøver å protestera, men får ikkje gehør. Åtteåringen har skjønt meir enn alle dei andre, men må finna seg i å gå med tankane for seg sjølv. Ein kveld ho ikkje får sova, seier ho til far sin: Korleis kan me gå til sengs når det er så mykje vondt i verda? Men faren forstår ikkje. Han har aldri skjønt kva det vonde sitt problem går ut på.
Lisa er òg kritisk til religiøst hysteri. I den glitrande episoden «Lisa the Skeptic» (skeptikaren Lisa) vert det oppdaga eit urgammalt skjelett under eit kjøpesenter som er under oppføring. Kan det vera ein engel? Dei fleste er overtydde om det, for skjelettet let til å ha vengjer. Naturvitskapsmannen Stephen J. Gould er tilfeldigvis forbi (han opptrer med autentisk stemme i den aktuelle episoden!), men han kan ikkje slå sikkert fast kva skjelettet er. Dermed kan i alle fall pastor Lovejoy slå fast at «vitskapen atter ein gong har lide nederlag for massive religiøse bevis». Lisa er oppgjeven over resonnementet. Ho er på randa til å vinka trua farvel. Men i dette tilfellet er det mor Marge som kjem med den kloke replikken: «Livet er meir enn det me kan sjå. Alle treng noko å tru på.» Lisa innrømmer at ho har ei åndeleg side, men ho godtek ikkje den korttenkte trua til dei andre.

11 prosent religion

Mellom 60 og 70 prosent av alle Simpsons-episodar tek opp religiøse spørsmål, hevdar folk som har rekna på det. 11 prosent av episodane skal ha religion som hovudtema. Kontrasten mellom The Simpsons og mange andre teikneseriar og humorprogram er voldsom.

Den amerikanske forfattaren Mark I. Pinsky gav i 2001 ut boka The Gospel According to The Simpsons. Boka vert med dette tilrådd som ein ressurs for predikantar og andre som vil bruka Simpsons-episodar i forkynninga. Pinsky har nyss gjeve ut ei ny bok om teikneseriar og religion: The Gospel According to Disney: Faith, Trust, and Pixie Dust. Konklusjonen i den nye boka er – kanskje ikkje overraskande – at Donald Duck og Andeby er kjemisk reinsa for religiøs symbolikk. Men i Springfield er alle religiøse. Skal tru om ikkje Springfield er mest tru mot røyndomen?

 

Februar 2012