livssyn

Lekse om livssyn


Trass i at livssyn er eit overordna omgrep som viser både til religiøse og ikkje-religiøse perspektiv, er myta om livssyn som synonymt med sekulær-humanismen seigliva.


«Snakk med dei heime om kva livssyn betyr.»  Slik stod det på lekseplanen til nokre elevar på 5. trinn sist veke. Både interessant og tankevekkande, på ulike nivå. Ikkje minst speglar leksa ein endra skulekvardag i ei samtid som byr på stendig større mangfald av verdiar og trusperspektiv. 


Utvilsamt ei viktig lekse for tiåringane! Men kva kom fram i samtalen rundt om i heimane, mon tru? Og kva samanheng var leksa gitt i? Til det siste er det lett å vise til religion, livssyn og etikk (RLE), men til kva emneområde? Sjølv var eg temmeleg sikker på svaret før eg spurde, og diverre hadde eg rett: sekulær-humanismen. Diverre, fordi samtalen om livssyn då umiddelbart vart styrt mot det ikkje-religiøse. Tenk om samtalen heller kunne ha fokusert på at vi finn ulike svar på mange av dei store spørsmåla om vi søker i religiøse  eller i verdslege livssynstradisjonar? Livssyn har jo òg med religion å gjere, ja, livssyn har med tru å gjere.


Leksa er sjølvsagt i tråd med kompetansemåla i RLE, der fyrste målet under Livssyn nettopp er at eleven skal kunne «samtale om hva et livssyn kan innebære». Men sjølv om neste målformulering byrjar slik: «forklare hva et humanistisk livssyn er og samtale om humanistisk livstolkning og etikk…», og den tredje er knytt til Human-Etisk Forbund (HEF), er det absolutt rom for å dvele ved livssynsomgrepet fyrst. Men det skjedde tydelegvis ikkje i klasserommet til 5. trinn. 


Skjedde det då dei gjorde heimeleksa, mon tru? Diverre er eg ganske sikker på at mange foreldre òg utan vidare tenkte livssyn som motpol til religion. Trass i at livssyn er eit overordna omgrep som viser både til religiøse og  ikkje-religiøse perspektiv, er nemleg myta om livssyn som synonymt med sekulær-humanismen seigliva. 


Mykje av grunnen ligg nok i koplinga mange gjer mellom livssyn og humanetikk, som tradisjonelt er meir brukt enn sekulærhumanisme i Norge. Men både hjå grunnleggaren Kristian Horn og i HEF famnar livssyn både om verdslege og religiøse perspektiv, slik òg språkrådet definerer omgrepet.


Mange har altså
ei lekse å lære om livssyn! Og viktigast er kanskje lærdommen at alle livssyn, religiøse som verdslege, botnar i ei tru – forstått som tillit og forankring av meining. Det er frigjerande å høyre når ateistar vedkjenner seg ei ateistisk tru. Men gjennomgåande er diverre perspektivet eit anna, òg i aktuelle lærebøker på barnetrinnet. 


Til dømes når temaet er korleis verda vart til, og vi les at religionane har forklart kvifor ting er som dei er, men at vitskapsmenn som C. Darwin viste at dei tok feil. Vidare; at mens religionane har gitt svar på dei store spørsmåla, så vil humanistar undersøke vitskapleg korleis ting er, i staden for å tru på ting som ikkje kan bevisast. Avsnittet vert runda av med ei formulering om at religiøse menneske i mange hundre år var motstandarar av vitskaplege undersøkingar. Underforstått: Å ha eit livssyn, er å vite. Å vere religiøs, er å tru blindt. 


Har vi lært leksa – som kristne foreldre, formidlarar og trusopplærarar? Ser vi at alle har eit livssyn, alle har ei tru, spørsmålet er på kva – og kvifor? 


Denne artikkelen har også vært publisert som Kulturnotat i avisen Dagen feb 2014.