Foto: Damaris Norge

Blind tru – eller begrunna tillit?

ARTIKKEL: «Alle trur på noko, spørsmålet er berre på kva – og kvifor!» Ein dryg  påstand, tenkjer du? Er ikkje trua reservert det religiøse? 

Og den som ikkje er religiøs, held seg jo berre til det ein kan vite? Eller sagt i tråd med ein typisk tankegang i vår tid: Er det ikkje slik at den religiøse har ei blind tru, medan den ikkje-religiøse har begrunna tillit til vitskaplege fakta?

Slik omgrepet «tru» vanlegvis vert brukt, er det nettopp knytt til det å finne meining i noko åndeleg, til det ha tillit til noko overnaturleg. Når det i dag nærast er blitt «in» å snakke om si personlege tru offentleg, er det då også det åndelege som er i fokus. Spørsmålet om det ein trur på faktisk er sant, er derimot lite framme. Slik sett har altså mange ei blind, religiøs tru.

For det ironiske er, at samtidig som religiøs tru ikkje lenger er reservert til det private rom, er sjølve innhaldet i trua blitt privatisert for mange. Inntrykket er at alle kan tru på sin måte, og all religiøs tru er like legitim, så lenge den fungerer for meg personleg. Her ser vi ringverknader av Vesten sin sterke individualisme og klare skepsis mot autoritetar.

Denne forståinga av tru som religiøs, individuell sanning «for meg» og av det sekulære som begrunna tillit til noko objektivt sant, er ikkje berre ein typisk tankegang hjå folk flest. Vi finn den i underhaldningsmedia, som i den populære tv-serien The Big Bang Theory , og den vert spegla i utforming av spørjeundersøkingar så vel som i journalistisk arbeid.

Då vi i januar las overskrifter som «Annenhver nordmann har en tro», var bakgrunnen ei undersøking gjort av InFact Norge, der cirka 1000 personar over 18 år var ringt opp og spurt «Regner du deg selv som troende?» Trass i det vage og mangetydige omgrepet «troende», er det  grunn til å tenke at dei fleste har assosiert religiøs tru til spørsmålet. Tolkinga av funna viste då også at både journalistar og intervjuobjekt jamt over reserverte trua til det åndeleg området.

Verken undersøkinga eller måten den vart fylgt opp på i ulike mediekanalar, er oppsiktsvekkande. Nettopp derfor bør den utfordre oss! Alle menneske trur jo på noko – spørsmålet er berre på kva – og kvifor! Oppmuntrande er det difor at ein av dei tre på gata som fekk same spørsmålet av Dagen 20.1., svarer at ho er truande, «… viss man kan tenke vitenskap som del av det».

Her rører vi ved kjerna i omgrepet «tru», forstått som det vi djupast sett festar tillit til og finn meining i. Like sjølvsagt som det er at alle menneske har nokre verdiar dei står for, like sjølvsagt er det nemleg at det hjå alle ligg ei tru i botnen for livsvalg og tankegang. Anten denne tilliten er forankra i noko religiøst eller sekulært, kan det vere blind tru eller begrunna tillit. Ingen er nøytrale, og alle bør utfordrast på kva grunnar ein har for trua si. Ikkje få har ei blind tru på vitskapen.

I vårt livssynsåpne samfunn, med idealet om «… rikelig rom for tro og livssyn. Både religiøse og sekulære livssyn. Livssyn som er synlig nærværende, i ord så vel som i symboler og handlinger» (Stålsett) er det både stort behov og mange mulegheiter for å stille spørsmål til grunnlaget for trua. Stendig fleire ser kor viktig dette er på journalistikken sitt område. Nettopp derfor kjem då og den fyrste norske læreboka i livssynsjournalistikk ut denne månaden, forankra på NLA Mediehøgskolen Gimlekollen.

Samstundes er debattar mellom representantar for ulike livssyn av stor verdi for å synleggjere grunnlaget for trua, anten trua er religiøs eller sekulær. Kva for eit livssyn er mest truverdig? Dei årlege debattane som studiet Kommunikasjon og livssyn arrangerer saman med Human-Etisk Forbund, har utfordra mange. På den kyrkjelege arenaen er då også behovet for apologetikk stort. Kristen tru er ikkje ei blind tru. For å seie det med den kjende kristne Oxford-professoren John Lennox: «Kristen tro er ikke et trossprang i mørket, men det totalt motsatte. Bibelen beskriver nemlig tro som en personlig tilslutning på gode grunner.» Vel begrunna tillit, altså.

 

 

Stod  i Dagen som kulturnotat torsdag 5.2.2015