filmanalyse

Ei betre filmoppleving

Av Terje Skjerdal

Av og til tenkjer eg at film er som fotball-VM: du har dei som har enormt utbyte av det, og så har du dei som ikkje skjønar noko som helst. Og så har du dei i midten.

Dersom ein skal ha fullt utbyte av ein film, hjelper det å kunna reglane. Desse er det nemleg mange av. Men dei står ikkje å lesa på lerretet, like lite som FIFA-reglane står opplista på skjermen framfor ein fotballkamp.

Som ei hjelp på vegen får du ei ti-punkts «bruksanvising» til filmsjåing:

1. Reflekter over filmtittelen

Det er sjølvsagt ikkje alle filmtitlar som er like spennande, men dei mest innhaldsrike filmane har ofte ein tittel med djupare meining. Døme på slike titlar: Så som i himmelen, Magnolia, Natural Born Killers og Matrix. I same slengen må det nemnast at namn i filmen overraskande ofte har ei symbolsk meining.

2. Legg merke til starten og slutten

Det er stadig nokon som ramlar inn i kinosalen fleire minuttar etter at filmen har byrja. Dei sparer litt tid på det, men risikerer å mista heile filmopplevinga. Anslaget i ein film – altså spenningsmomentet i starten – er ein viktig del av plottet (forteljinga). Har du i tillegg sett slutten, oppdagar du kanskje óg den raude tråden.

3. Sjå etter lys og fargar

Kven kan vel gløyma den vesle jenta i Schindlers liste? Ho med den raude kåpa, ho som til slutt endar på likvogna. Raudfargen gjer at me kjenner henne igjen. Verkemiddelet er uhyggjeleg sterkt, særleg sidan filmen elles er i svart-kvitt. Grønfargen i Matrix har ei anna tyding. Den signaliserer noko falskt, og ligg som ein tjukk folie på den animerte verda. Den verkelege verda, derimot, er blå.

4. Sjå etter frampeik

Frampeik er noko av det mest spennande å leita etter i ein film. Dette er element som gjentek seg og gjev forvarsel om ei viss hending. Det kan koma i mange variantar, til dømes i form av ein bestemt farge eller eit tal. I Magnolia (USA 1999) dukkar talkombinasjonen «8,2» opp i dei mest finurlege former. Langt uti filmen, når alt er på det verste, byrjar det brått å regna froskar frå himmelen. Slå opp i 2 Mosebok 8,2. Der står det om froskeplaga i Egypt. Neppe tilfeldig! Tala som dukkar opp undervegs avslører at regissøren har lagt inn ei bibelsk meining i filmen. Eller om du har sett Lilja 4-ever (Sverige 2002): La du merke til alle englebileta gjennom filmen?

5. Legg merke til karakterutviklinga

Ein typisk dramafilm har 5-6 personar i det nære personregisteret. Spenninga i filmen er som regel eit resultat av konfliktar mellom desse personane. Ei interessant lesing av filmen oppstår dersom ein freistar å følgja ein person og tolka denne psykologisk i forhold til dei andre karakterane. Korleis endrar personen seg gjennom filmen? Som eit eksempel kan du studera den fundamentale personforandringa Chuck Noland (merk namnet!) i Cast Away (USA 2000) gjennomgår etter å ha overlevd på ei aude øy i Stillehavet i fleire år.

6. Dra parallellar

Parallellar kan ein til dømes dra mellom personar i filmen og personar i det verkelege livet, eller mellom tema i filmen og tema i det verkelege livet. Dette forutset at ein har kunnskapar om historie, litteratur og samfunn. Hovudpersonen i Den grøne mila (USA 1999) er ein fange som er uskuldig dømt og som har overnaturlege evner. Han heiter John Coffey, og initialane «J.C.» indikerer – ganske rett – at han er eit symbol på «Jesus Christ». Men kjenner ein ikkje Nytestamentet, er det verre å oppdaga.

7. Leit etter regissøren sin replikk

I ein del filmar er regissøren så ivrig etter å formidla bodskapen at du kan høyra han indirekte gjennom ein av rollefigurane. I den svenske publikumssuksessen Så som i himmelen (2004) utbryt prestekona Inger: «Det finst inga synd! Det er noko som kyrkja har funne på!» Omtrent like eins ordlagde regissør Kay Pollak seg då han vart spurt om synet sitt på synd. Mange kultur- og samfunnskritiske filmar har ein eller fleire slike regissør-replikkar i seg, gjerne eit godt stykke uti filmen.

8. Finn ut meir om regissøren

Kva regissøren vil med filmen er vesentleg. Verkemidla er der fordi filmskaparen har plassert dei der. No viser det seg ofte at regissøren er ordknapp når han får direkte spørsmål om kva han meiner med det og det i filmen. Han vil ikkje selja tolkingsnøkkelen for billig. Når regissøren likevel lettar på sløret og gjev leietrådar, er det verd å lytta. Eit godt tips er å sjå ekstrasporet på dvd-en dersom denne inneheld regissørkommentarar.

9. Les filmomtalen – etterpå

«Førehandsomtale» heiter det, men ofte er det like utbyterikt å lesa filmomtalen etter at du har sett filmen – særleg dersom det er ein litt lengre artikkel.

10. Sjå filmen to gonger

Første gongen du ser filmen kan du nyta han utan å vera altfor analytisk. Først andre eller tredje gongen kan du leggja merke til detaljane og finna ut kva for ein film det eigentleg var du såg!