Gud i kinosalen: Nådefull og rettferdig

Korleis blir Gud framstilt på lerretet? Min påstand er at han som hovudregel blir skildra positivt. Geistlege og kristne, derimot, blir kritisert.

Av Terje S. Skjerdal

Lat det vera sagt med ein gong: Det mest slåande med Gud i kinosalen, er at han er nokså fråverande. Dei fleste filmar handlar ikkje om Gud, og det er ikkje så ofte han har hovudrolla i ein film (eller birolla, for den saks skuld). Ein del amerikanske filmar har rett nok teke opp religiøse problemstillingar dei siste åra, men i norsk film er kristendom og religion stort sett tabu. Ta til dømes United, Buddy eller Elling, tre populære norske filmar denne hausten. Kor mykje snakk er det om tru og kristendom i dei filmane? Fint lite. Det seier ein del om samfunnet vårt. Mange menneske meiner at dei greier seg utan Gud, difor er det heller ikkje så mykje snakk om Gud i populærkulturelle produkt.

Men når Gud først blir nemnt, synest det å vera med respekt. Tenk på Bruce Almighty (USA 2003), der Gud vert skildra som ein hyggjeleg eldre herremann som vil menneska det beste. Samstundes er det ein Gud som er nokså vengjeklipt. Han er allmektig, men han kan ikkje bestemma over den frie viljen til hovudpersonane i filmen. Menneska er til sjuande og sist ansvarlege for sine eigne handlingar. Gudsfiguren slik han opptrer i Bruce Almighty er typisk for den guden mange moderne menneske vil ha. Han skal vera snill og omsorgsfull, men samstundes skal han passa sine eigne saker og ikkje blanda seg inn i vår business.

Diffus Gud

Det er ikkje alltid at Gud framstår med kjøt og blod slik som i Bruce Almighty. Ein annan populær film for eit par år sidan, Den grøne mila (USA 1999), framstiller Gud meir diffust. Filmen handlar om ein fange som blir straffa for mord utan at han har gjort noko gale. Fangen blir dømd til døden sjølv om han er uskuldig. Her er parallellen til Jesus nokså klar (i tillegg har han initialane «J.C.», altså «Jesus Christ»). I denne filmen framstår Jesus-figuren eller gudsfiguren som snill og godhjarta, samstundes som han blir urettmessig dømd og må ta på seg straffa for det vonde som andre har gjort. Slik sett verkar filmen svært så evangelisk. Men samstundes er det eit problematisk aspekt ved filmen: Det er nemleg ikkje nok at hovudpersonen (Jesus/Gud) blir dømd; også den vonde personen i filmen blir dømd og skal få smaka ei sviande hemn. Det stemmer ikkje særleg godt med evangeliet. I det verkelege evangeliet er det ingen som har rett til å hemna seg. Me ser altså at Hollywood framstiller Gud slik at det passar med den moderne livsfilosofien, altså at dei vonde personane (syndarane) må smaka sin eigen medisin til slutt.

Kryptisk Gud

Meir kryptisk er Gud i ein annan stor film som det er mykje snakk om nett no: Matrix. Denne filmtrilogien (ein serie på tre filmar) har utvilsamt eit eller anna med ein frelsesfigur å gjera. I den første filmen døyr hovudpersonen og står opp att. Parallellen til Jesus er opplagd! Men det er også ein litt rar Jesus-figur me møter. Hovudpersonen Neo skjønar ikkje sjølv at han er Frelsaren (og det gjorde jo Jesus). Dessutan tek han ikkje eit grundig oppgjer med vondskapen slik som i Bibelen, men må trena seg opp til å meistra finurlege kung fu-teknikkar for å overvinna fienden. Ikkje heilt slik som då Jesus stod opp frå dei døde påskemorgon! [Merk: Denne artikkelen var skriven før den siste filmen kom 5. november 2003.]

Sjølv om gudsbiletet ikkje er eksplisitt kristent i alle filmar, er det faktisk som regel noko positiv over Gud når han opptrer på film. Han er trufast og rettferdig, han er nådefull og fast. Han vil menneska det beste. Det interessante er at når kristendomen blir kritisert på film, er det ikkje Gud som blir kritisert, men oppførselen til kristne. Dette er det mange døme på. Me skal nemna to.

Kritikk mot kristne

Den norske filmen Søndagsengler (1996) handlar om ei ung jente som veks opp i ein prestefamilie på Sørlandet på 1950-talet. Faren er svært streng, og ho blir nekta å vera med på mange aktivitetar som veninnene hennar driv med (til dømes dans). Til slutt bryt ho seg laus frå familien og går sin eigen veg. Det blir framstilt som ein siger når ho tek farvel med den kristenkonservative oppveksten sin. Men i røynda er det ikkje kristendomen som vert kritisert, med den strenge oppdraginga. Slik sett er det ein kritikk mot kristne, ikkje mot Gud.

Det andre dømet er ein britisk film frå 1996, Breaking the Waves. Filmen har ein del sterke scenar, og handlar om ei einfaldig ung kvinne som berre vil godt. Spesielt er ho ute etter å tilfredsstilla mannen sin. Men ho blir uglesett av lokalsamfunnet av ulike grunnar. Til slutt blir ho mishandla og døyr. Då er det at det lokale kyrkjerådet dømmer henne til evig pine. Ho får ikkje eingong bli gravlagd på kyrkjegarden, ho må ha ei grav utanfor. Men mannen hennar stel kista og «gravlegg» henne på havet i staden. Gjennom skydekket ser me nokre digre kyrkjeklokker som kimar med kraftig klang. Bess, som ho heiter, er teken heim til Gud. Kritikken i filmen er tydeleg: Dei religiøse herrane har ikkje forstått kva kristendomen er tufta på – godheit og tilgjeving. Endå ein gong er det altså dei kristne som blir kritisert, ikkje Gud.

Konklusjonen må bli at Gud er ein sigerherre i mange filmar, sjølv om kristenfolket og prestestanden taper. Men det kritiske er at dei fleste filmane som går på kino ser ut til å formidla eit livssyn der det ikkje er plass for Gud i det heile. Det seier også ein del om vår tid.