sjølvkjensle

Sjølvkjensle og sjølvrealisering

 «Ny start – ny selvfølelse» lyser det frå framsida på eit av dei mange kvinneblada nå i starten av året. I litt mindre skrift vert det så gitt løfte om at enkle grep gir store forandringar. Den usynlege teksten mellom linjene er lett synleg: Sjølvkjensla må bli betre!

Bodskapen er temmeleg lik på framsidene til dei andre kvinneblada som fyller hyllene. Det undrar då heller ikkje at setningar som «Fokus på deg», «Du er bra, sunn og selvsikker» og «Få en kickstart på 2012» dreg blikket til seg. Sjølvkjensle og sjølvbilete er sårbare område for eitkvart menneske. Betre blir det ikkje av at media stendig formidlar meir og mindre tydelege hint om at vi bør anstrenge oss for å bli ei betre utgåve av oss sjølv. Tilsynelatande har vi alle mulegheiter, men sit òg med heile ansvaret. Når så samtida seier at sjølvkjensla er det største godet vi har, men at det er umogleg å seie når den er god nok, gir det grunn for refleksjon.

For det fyrste; kva er eigentleg sjølvkjensle? I motsetnad til sjølvtillit, er ikkje sjølvkjensla knytt til kva vi presterer, men til sjølvinnsikta vår. Den har å gjere med måten vi kjenner oss sjølv på; kven vi er og kva vi står for. Sjølvkjensla stikk djupare enn sjølvtillita, i fylgje forskar og psykolog Ole Jacob Madsen.

Saman med kollega Brita Ytre-Arne, har Madsen forska på 2010-årgangen av kvinneblada KK og Tara. Hovudfunna viser at blada speglar ein global terapeutisk kultur med ei psykologisk tilnærming til livet. (Jf Dagen 27.12.11.) I oppskriftene på å vere menneske, vert det lagt meir vekt på det indre enn det ytre. Coachen sine råd får derfor større plass enn ekspertar på sminke og trening. Det viktigaste er å gi lesaren hjelp til å oppnå betre sjølvkjensle.

Madsen undrar seg på om ikkje lesaren nå får endå eit prosjekt som krev dagleg oppfylging, i tillegg til kroppen. Frå eit kristent livssynsperspektiv er det ikkje vanskeleg å gi forskaren rett, men med eit viktig tillegg: Prosjektet er dømt til å mislukkast så lenge ikkje vektlegginga av det indre er kopla til den frigjerande bodskapen om at mennesket er skapt med ein uendeleg verdi. Der ligg kjelda til god sjølvkjensle, djupast sett.





For det andre: Samtida sitt fokus på – og forståing av – sjølvkjensla kan ikkje skiljast frå den sterke vektlegginga av sjølvrealisering vi ser rundt oss. Det å realisere sitt potensiale maksimalt, synes å vere ein føresetnad for å ha ei god sjølvkjensle. Igjen ser vi haldninga at mennesket ikkje er gitt ein verdi, men må skape seg verdi.

I boka Arbeidets filosofi (2011) peikar filosofen Lars Fr. Svendsen på at arbeidet er blitt ein slik reiskap for å realisere seg sjølv, utan tanke på å tene korkje fellesskapet eller Skaparen. Filosofen meiner at vi krev meiningsfulle jobbar der vi kan få stadfesta identiteten. «Den personlige og individuelle meningen skal fylle det meningstomrommet som er skapt av Guds fravær», seier han. Sjølvrealiseringa er altså blitt haldepunktet for sjølvkjensla, og den må då stendig fornyast. Det utfordrar!



Artikkelen har også stått på trykk i avisen Dagen