engler jul

Engler daler ned i skjul

Vi overfører artikler fra nå nedlagte Kulturvinduet, og trekker frem enkelte som er klassiske eller fremdeles er aktuelle. 


Denne kjende strofa står å lese på eitt av julefrimerka frå Posten, der første vers av Glade Jul lyser mot oss i gullskrift. «Årets julefrimerker tar vare på det beste i norsk julestemning», uttalar frimerkedirektør Halvor Fasting i Posten, og viser til at Glade Jul er den mest populære julesangen i verda.

Så er då og englar populære i samtida. Uansett årstid, pryder dei både barnerom og sakrale rom, studenthybel så vel som møtesal. Vitnesbyrd om englevakt høyrest ikkje berre på bedehuset, men og i media. Ja, englane er til stades på ulikt vis i det offentlege rom så vel som i det religiøse og private.

Gjennom historia har dei fascinert kunstnarar, artistar og andre kulturarbeidarar. Dei siste åra har imidlertid englane fått ein renessanse, ikkje minst blant folk flest. Engleskolen til prinsessa og «engleboomen» på alternativmessene er berre to av mange teikn på at haldningane til åndelege verdiar og fenomen har endra seg. Spørsmålet er difor kva slags englar ein ser føre seg når ein nynnar til «Lønnlig iblant oss de går» mens ein frankerer juleposten.

I takt med den aukande interessen er nemleg synet på englar vorte svært mangfaldig. Dei færraste spør nå med filmtittelen frå 1961: «Änglar, finns dom?», men er opne for at det er «noko meir» og lar seg gjerne oppfordre av boktitlar som «Møt din skytsengel».

I denne bestseljaren vert englekontakt og sjølvutvikling to sider ved same sak, noko som høver godt til samtida si vektlegging av sjølvutfalding og holisme. I fylgje forfattarane, er skytsengelen der «for å speile hvem du er, slik at du alltid vil huske din egen kraft og storhet». Mennesket er sentrum i tilværet, og «den sanne essensen» har ein i den universelle kjærleikskrafta, som englane speglar ei side av.

 

«Personally, I’ve always suspected that everyone else is having a far merrier Christmas than I am» – Aktualisering fra filmen Alfie

 

Prinsesse Märtha Louise og medforfattaren Elisabeth Samnøy uttalar at dei – via meditasjonsteknikkar – gir «en innføring i det å opparbeide en større lydhørhet i forhold til seg selv, til hjertet og kroppens språk, til jorden, universet og skytsengelen». Den nyreligiøse orienteringa i retning av gnostisk sjølvreligiøsitet synes klar, med impulsar óg frå kinesiske religionar, buddhistiske og hinduistiske tradisjonar så vel som frå kristendommen.
Forfattarane vil imidlertid skilje mellom det åndelege og det religiøse, og seier dei kun gir åndelege verktøy.

Når prinsessa omtalar englane som berarar av lys og kraft «fordi de er på vår side i kampen mot alle destruktive krefter», er det eit eksempel på at hennar syn på englar og er inspirert av kristen tru. Det bibelske perspektivet er imidlertid at englane er skapningar. Dei er nær Gud, men ikkje som Gud. Dei lovpriser ved Guds trone – og er Guds sendebod på jorda. Englane tener, bevarer og formidlar bodskapar.

Det er dette perspektivet som møter oss på årets julefrimerke. Måtte det ikkje berre «ta vare på det beste i norsk julestemning», men få peike på den grensesprengande julebodskapen. Englane kom med bod frå Gud sjølv, om nåde, fred og frelse for alle folkeslag.

 

Kulturnotatet har også stått på trykk i avisen DagenMagazinet (2009).