Den eventyrlystne kinogjengaren får action i søkk og kav i MI8. Pluss kristne overtonar.
Av: Sofie Braut – KOMMENTATOR Avisen Dagen
Når agent Ethan Hunt sym åleine mot overflata i det uendelege ishavet, skrella til underbuksa etter eit mildt sagt tidskritisk oppdrag i den havarerte russiske ubåten Sevastopol, følgjer to tankar med til overflata i same slengen.
Håpefulle variasjonar
For det første at dette er ei håpshistorie. Sjølv om verda i filmen er i ferd med å bli fullstendig fortært av «The Entity»- den massive kunstige intelligensen vi vart kjende med i del ein av filmeposet. Handlinga held nemleg fram med å romstera grundig i samtida si frykt for at kunstig intelligens skal ta over kommandoen i verda.
For det andre at dette er ei forteljing vi kjenner frå før. Det finst ei historie som aldri går ut på dato. Uansett kor avansert teknologien blir, uansett kva spektakulære stunt moderne action kan skvisa ut av ein aldersfornektande Tom Cruise: Dette er ikkje anna enn variasjonar over ei to tusen år gammal forteljing.
Film: Mission Impossible 8: The Final Reckoning
Action, eventyr, thriller, agent
Med: Tom Cruise, Hayley Atwell, Simon Pegg, Angela Bassett, Ving Rhames m.fl.
Regi: Christopher McQuarrie
Noregspremiere: Onsdag 21. mai 2025
Fart framfor famling
Knapt to år etter at første del av den grandiost anlagde Mission Impossible-finalen, er det duka for oppfølgjaren. Heller ikkje denne er plaga av saktegåande sekvensar eller famlande farkostar. Heller ikkje her skortar det på eksotiske reisemål.
Frå Beringstredets brutalt løyndomsfulle botn, til dei mest halsbrekkande utkikkspunkta over Kongo. Det er berre å ta spenntak i kinogolvet først som sist. Tom Cruise sin overmann når det gjeld sjølvgjorde stunt finst neppe og her nektar han seg absolutt ingen ting.
Som agent Ethan Hunt klorar han seg fast til fly i flukt og gulpar opp eit hav etter eit grotesk fridykk i isødet. Han har ei eiga evne til å ta seg fram i safariterreng sør for Sahara utan mykje meir enn sola å gå etter.
Actionfilm-underbruk
To timar og førtini minutt kan høyrest i drygaste laget ut, men når lyset kjem på att i kinosalen er kjensla merkeleg nok at «såpass burde det vera». Filmen blir eit ettertrykkjeleg farvel med dette særprega underbruket av actionfilmsjangeren.
Det har vore med oss i snart tretti år og behovet for nokre historiske nikk er høgst legitimt.
Dei mange finurlege maskene, dei legendariske, sjølvdestruerande oppdraga, og dei stadig villare stunta. Ikkje rart at noko av dette passerer revy når no eit endeleg punktum skal setjast.
Apokalyptisk brestepunkt
Når vi her tek opp tråden frå «Dead Reckoning» (2023) står verda ikkje uventa på eit absolutt brestepunkt. Alle apokalypsens hestar og ryttarar galopperer ut over jorda. Den umettelege kunstige intelligensen er i ferd med å erobra alle verda sine atomarsenal mens sanninga forvitrar og global utsletting berre er timar unna.
Alt heng med andre ord på ein mann, slik sjangeren gjerne krev. Men Ethan Hunt er også djupt avhengig og langt frå usårbar. Sjølv om helterolla blir tynt til det punktet der vi må le, både av vindherja hårsveis og forvrengt fjesmusklatur, framstår også agent Hunt i glimt som eit verkeleg menneske her.
Særleg kjem dette fram i dei genialt enkle uttrykka for venskap utveksla mellom han og hans to næraste: Datageniet Luther og den tekniske stjerna, nervevraket Benji.
Eit par av blikka og klemmane mellom dei smett ut av actionskjemaet og pirkar lynkjapt i hjarta heilt på ekte.
Noko bør ein jo få for dei rundt 400 millionar dollar som denne filmen er sagt å kosta.
Elles sjonglerer filmen sjangerens nødvendige klisjear, komiske avbrekk og patosfylte tåredrypp med sjølvsikre grep. Både den nemnde ubåtscenen i ishavets nedre gemakkar og flyscena når alt nærmar seg det absolutte klimaks vil bli hugsa som høgdepunkt. Både i Mission Impossible-serien og i actionsjangeren elles.
Noko bør ein jo få for dei rundt 400 millionar dollar som denne filmen er sagt å kosta.
Spinvilt sannferdig
Mykje er heilt ellevilt med ein film som dette. Både pengebruk og stuntgalskapen kan gi ein kjensla av at slik amerikansk populærkultur er fritert i umoral og noko ein bør styra unna.
Ein så usannsynleg film framstår merkeleg nok sannferdig i ei verd som vår. For det første fordi også vår historie djupast sett heng på mot, offervilje og evne til å konfrontera ein vondskap verre enn vi ofte får inntrykk av. I vår tid og i vår del av verda vert det vonde gjerne berre framstilt som nokre knepp unna det gode.
Mission Impossible: Final Reckoning portretterer imidlertid dei to som kontrastar. Det endelege oppgjeret med det uhyrlege, det som «sluker sanninga» og som i filmen blir omtala som «anti-gud» er uunngåeleg.
Og oppgjerets ingrediensar? Ein mann med nokre utvalde vener og djup offervilje. Dessutan vert eit talande objekt med vidare frå første del: Ein krossforma nøkkel. Om handlinga er syltynn, er i det minste knagginga krutsterk.
Det er underleg når noko så usannsynleg samstundes framstår sannferdig. Det er lov å sjå filmen som rein underhaldning. Men du verda kva han røper av menneskeleg lengt.
Republisert med tillatelse fra Avisen Dagen