selfie

Selfie og sjølvbilde

Sjølvportrett er siste skrik. Knipsa på armlengdes avstand med mobilen, vel og merke, og delt via sosiale media. Eit selfie, altså, som av svært forståelege grunnar vart kåra til nyordet for 2013 og dermed teke inn i den berømte Oxford Dictionary.

 

Fenomenet tok nemleg så sterkt av i fjor at bruken auka med utrulege 17 000 prosent på eitt år. Kjendisar innan underhaldning, politikk og religion er sjølvsagt med på notene, inkludert Pave Frans, som då òg vart kåra som årets person i 2013. Men hovudsaka er at folk flest har omfamna dette moderne sjølvportrettet, ikkje minst dei unge.

 

Heilt nytt er det då ikkje. Ordet dukka opp på eit australsk nettforum i 2002. Midt på førre tiåret var selfien ei meir amatørmessig sak på nettstaden MySpace, før Facebook tok over og smarttelefonen med kamera på begge sider kom ved utgangen av 2010. Då gjorde òg Instagram sitt inntog, og dermed låg alt til rette for ei eksplosjonsarta utbreiing av selfien.

 

Mykje har då òg vorte skrive om fenomenet, frå dei mest forskjellige innfallsvinklar. Men oftast, og med god grunn, er fokus retta mot sjølve kjerna ved selfien: «Sjå meg». Det er nemleg ingen grunn til å tvile på den underliggande hensikten: Flest muleg kommentarar og stadfestingar på at ein er vakker, interessant og lever eit spanande liv.

 

«Selfies handler om refleksjon, identitet og anerkjennelse», seier psykolog Cecilie Schou Andreassen i eit intervju på VG nett. Andreassen forskar på sosiale media, og peikar på det faktum at selfien gir oss mulegheit til å «presentere selvet slik vi ønsker det skal være, ved å redigere, slette og retusjere.»

 

Om vi så koplar dette til samtida si vektlegging av image og prestasjonar i relasjon til oppleving av identitet og verdi, ser vi noko av utfordringa ved fenomenet selfie. For dersom verdien ikkje er gitt og identiteten er noko vi sjølv må skape, er det nærliggande å tenke at ein «er» det andre ser. Kva så med selfien og eit sunt sjølvbilde?

 

På denne bakgrunnen undrar det meg når leiaren av språkrådet uttalar at sjølvbilde kunne vere eit godt og morosamt avløysarord for selfie. Her ser eg mest humor, men forstår av Aftenposten Innsikt 1/2014 at dette faktisk er eit reelt forslag, slik òg «selvis», «selvknips» og «selvskudd» er.

 

Skulle selfie bli sjølvbilde på norsk, er det etter mi meining duka for meir enn ei språkleg forvirring. Ikkje minst for dei mange unge som slit med låg sjølvkjensle i ei samtid der identiteten til stor grad er flytta utanpå, vil stendig nye redigerte og retusjerte selfies langt frå bidra til eit sunt sjølvbilete. Ironisk, eller kva?

 

Når Schou Andreassen på si side refererer til at selfie-fenomenet kan setjast i samanheng med narsissisme og sjåast som forlenging av ei sterk sjølvsentrering, er også det eit aspekt vi lett både ser og forstår. Frå eit bibelsk perspektiv er egoisten i oss tydeleg grunngitt. I ei samtid som vår vert då òg denne sida ved oss sterkt trigga – og gitt store utfaldingsmulegheiter.
La oss ta utfordringa som selfien gir oss til verkeleg å sjå kvarandre i kvardagen – og  hjelpe kvarandre til eit sunt sjølvbilde!

 

Denne artikkelen stod på trykk i avisen Dagen 9. januar 2014.